Vi er så heldige at det kjem heile 6 butikkar på Regionstreffet 2. april!
Presenterer dei her med link til Facebooksida deira. Om det er spesielle varer du er ute etter å kjøpe under treffet, så er det lurt å ta kontakt med butikken i forkant slik at den vara vert med!!
Her er lista:
- Frå naboen vår i aust kjem Lappeloftet som held til i Vågå.
Frå Fosnavåg på Sunnmøre kjem Sølvi Quiltestudio, godt kjent for flott quilting av tepper som vi syr! Og har butikk i tillegg.
- Frå Førde kjem Trapp ned, den vesle gule butikken midt i sentrum! Godt uval av stoff og Marit er erfaren sydame!
- Frå Sandane kjem Fantasi! Butikken som er både fysisk butikk midt i sentrum og som har nettbutikk! Butikken har ofte sy- og hobbykveldar og stort utval av hobbymateriell.
- Frå Nordfjordeid kjem Lappestua Eid. Butikken har sal og service av symaskiner og sel utstyr til saum Driv også med bunadskurs og har godt utval av stoff og utstyr til Nordfjordbunad. Har av og til Pop-up-butikk i sentrum!
- Frå Nordfjordeid kjem Sybutikken Primula Design, den vesle sjarmerande butikken rett ved Klemmekroken i Eidsgata! Her er stort utval av stoff og du får gode råd om quilting av erfarne Ingun!