søndag 20. mars 2022

Lotteri!

Som vanleg på Regionstreff har vi lotteri med mange flotte gevinstar. Det er rundt 30 gevinstar på bok. Vi har to store tepper som er sydd av medlemmane og mange andre kjekke gevinstar! 



Dei to store lotteriteppa!






Dette lotteriet er i gang og vi skriv lodd på bok, på den "gammaldagse"måten. Men vi vil også gjere lotteriet meir moderne, og difor har vi også laga til mulighet for å ta lodd digitalt. 

Slik gjer du det :

De kan kjøpe lodd ved å sende pengar på Vipps til nr 512495, registrert på Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Lodd kostar kr 5.

VIKTIG!!

Husk å ta ut kvitteringa på skjermdump og send den på sms til ein av desse:

  • Synnøve Torheim   tlf 98005242
  • Asbjørg Bjørkedal  tlf 47275177
Skriv både beløp og kven vi skal skrive lodda på (namn, adr og tlf) og dei fører deg inn i lotteribok. Du får tilbakemelding når det er gjort.

Trekning laurdag 2. april kl 15.30.



Ingen kommentarer: