lørdag 5. mars 2022

Det nærmar seg Regionstreffet på Nordfjordeid!

 




Det nærmar seg Regionstreffet på Nordfjordeid laurdag 2. april. Utstillinga opnar kl 9 for rigging.

Vi har påmeldingsfrist 15. mars, så vi håper no at mange tek kontakt for å gje beskjed om at dei kjem og har med quiltar. Då får vi tal for kor mange som skal ha lunsj og kor mange quiltar det kjem på utstillinga.

Til dei som no vil komme og ha med noko til utstillinga, finn de her merkelappen til å feste på. Det er fint om de tek kontakt i forkant for å melde på quiltar (også om du berre skal stille ut og ikkje ha lunsj) slik at vi veit kor mange som kjem med quiltar. Vi ynskjer ikkje småting på utstillinga, men puter, tepper, løparar og liknande vil passe.

Alle interesserte kan komme og sjå utstillinga, komme i kafeen vår i Kyrkjetunet og ta lodd på flotte gevinstar.

E-post for påmelding og info om antal quiltar, mm: torunn@solihav.no
Skriv den ut og ha den festa på kvar quilt når du kjem til utstillinga.
Om du vil ha den som word-dokument, tek du kontakt på epost.




Utstillinga går føre seg i Eid kyrkje og vi skal bruke kyrkjebenkane til å stille ut på. Utstillinga er open for alle og det er gratis inngang.

Program:

·        9.00  Dørene opnar for rigging av utstilling og butikkar .

·       9.30 Sal av smørbrød, kaker, frukt, kaffi/te/brus og loddsal i Eid kyrkjetun.

·       Det er gratis inngang for publikum, publikum kan sjå på utstillinga, besøke butikkar og kjøpe kaffi/kaker på kafeen. 

·       Lotteri med flotte gevinstar.

·       12.00 Foredrag v/Eldrid Røyset Førde, «Kyrkjetekstilar,- spanande og meiningsfulle   oppdrag»-

·       14.00 Lunsj  for påmelde, åresal og  loddsal på bok.

·       15.30 Trekning av lotteriet på bok

Ingen kommentarer: