søndag 13. mars 2022

Regionstreff, frist for påmelding!!

 Det nærmer seg påmeldingsfristen som er den 15.3 til Regionstreffet!! Vi treng å vite kor mange som kjem for å planlegge lunsj.



Fint også om du melder frå om kva du stiller ut.
All påmelding/spørsmål til epost: torunn@solihav.no
Det kjem til å bli kjekt å møtast att, og med stor utstilling i Eid kyrkje, eit interessant foredrag og 6 butikkar, så vert dette ein flott dag. Ta med familien på tur, dette er i beste shoppingtid i Nordfjordeid sentrum og det er mykje å finne på for dei som ikkje vil sjå på quilting!
Program:
• 9.00 Dørene opnar for rigging av utstilling i Eid kyrkje og butikkar i Eid kyrkjetun.
• 9.30 Sal av smørbrød, kaker, frukt, kaffi/te/brus og loddsal i Eid kyrkjetun.
• Det er gratis inngang for publikum, publikum kan sjå på utstillinga, besøke butikkar og kjøpe kaffi/kaker på kafeen.
• Lotteri med flotte gevinstar.
• 12.00 Foredrag v/Eldrid Røyset Førde, «Kyrkjetekstilar,- spanande og meiningsfulle oppdrag»
• 14.00 Lunsj for påmelde, åresal og loddsal på bok.
• 15.30 Trekning av lotteriet på bok


Ingen kommentarer: