Viser innlegg med etiketten andre quiltelag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten andre quiltelag. Vis alle innlegg

onsdag 26. oktober 2016

Møte eit quiltelag, Halden Quiltelag!

Gjer eit besøk hos Halden Quiltelag i dag!

Dei er om lag 35 medlemmer og møtest to gongar i månaden. Ut frå bilda dei legg ut, så er dei ei aktiv gruppe og prøver ut mange teknikkar.

Nyleg har dei lært å sy blokka "Arrowhead", noko som viser att i flotte arbeid!!

Her er litt andre bilder som er lånt frå ulike innlegg på bloggen deira:






Det er veldig kjekt å sjå at aktive quiltelag legg ut bilder/oppdaterer sidene sine. Det gjer at vi vel å besøkje sidene deira ofte. Takk til Halden Quiltelag for flotte bilder!

Ynskjer deg eit triveleg besøk hos dette quiltelaget i Østfold, og husk å legge att ei helsing til dei!!

lørdag 22. oktober 2016

Møt eit quiltelag, "Fjellquilten!

Eit  lite prøveprosjekt på bloggen her,......tenkte at for å dele litt inspirasjon frå andre, så kan det være ein ide å presentere andre quiltelag som har bloggar eller Facebooksider.

På høgresida her er det lagt ut linkar til quiltelag som har bloggar, desse linkane er ikkje sjekka over på lenge, så kanskje der er nokre som ikkje fungerer lenger. Men dei som har berre facebookside, får ein ikkje linka til på same måten.

Kom gjerne med tips om lag/klubbar som kan presenterast her, send då epost til hatlene@online.no.

I dag er "Fjellquilten" på Tynset i Østerdalen lagt til på linklista vår. Dei møtest to gongar i månaden og ser ut til å ha det triveleg i lag. Dei legg ut bilder frå aktiviteten dei held på med ofte. Dei  har truleg også gode kaffipausar på møta sine slik vi har det, for øverst  til høgre på bloggen deira er det også ein link, Oppskrifter!! Her finst nokre gode oppskrifter om du vil prøve noko nytt!

Ta deg eit helgabesøk til Tynset, og legg gjerne att ei helsing til dei på bloggen!!

GOD HELG!



tirsdag 15. januar 2013

Katten med støvlane!

"Har du sett på maken!", sa Askeladden, og jammen seier bloggred. det også!
Her har vi "Katten med støvlane" i sitt rette element! Måtte berre dele dette bildet med dykk alle, mulig at de allereie har sett det før. Bildet er frå Haugtussa quiltelag si utstilling på Tysværtunet som pågår akkurat no.
Eit artig og smart innslag, og kanskje held katten støvlane varme til neste tur ut i kulden??