lørdag 22. oktober 2016

Møt eit quiltelag, "Fjellquilten!

Eit  lite prøveprosjekt på bloggen her,......tenkte at for å dele litt inspirasjon frå andre, så kan det være ein ide å presentere andre quiltelag som har bloggar eller Facebooksider.

På høgresida her er det lagt ut linkar til quiltelag som har bloggar, desse linkane er ikkje sjekka over på lenge, så kanskje der er nokre som ikkje fungerer lenger. Men dei som har berre facebookside, får ein ikkje linka til på same måten.

Kom gjerne med tips om lag/klubbar som kan presenterast her, send då epost til hatlene@online.no.

I dag er "Fjellquilten" på Tynset i Østerdalen lagt til på linklista vår. Dei møtest to gongar i månaden og ser ut til å ha det triveleg i lag. Dei legg ut bilder frå aktiviteten dei held på med ofte. Dei  har truleg også gode kaffipausar på møta sine slik vi har det, for øverst  til høgre på bloggen deira er det også ein link, Oppskrifter!! Her finst nokre gode oppskrifter om du vil prøve noko nytt!

Ta deg eit helgabesøk til Tynset, og legg gjerne att ei helsing til dei på bloggen!!

GOD HELG!



Ingen kommentarer: