Stokkenes Gjestegard er staden og mellom kl 18.30-21.30 skal vi kose oss med stoff, symaskin, idedeling og kanskje litt handel?? (....og ein kaffipause!)
Kveldens tema er å halde fram med det vi starta med på forige møtet:
- Bruk av linjalen "Lazy Angle".
- Dei som ikkje var der sist, kan få demonstrert teknikken.
- Vi skal sy ei rund ramme rundt den vesle blokka vi laga sist, så ta med eit høveleg stoff i farge og storleik til dette. Ramma skal syast dobbel, så ta med nok stoff!
- Vliselin 200 eller 250 i "rammestørrelse". (Ingun tek med om nokon ikkje har!)
- Ta med symaskin!!
Denne gongen vil vi ha "Vis og fortel", håpar at mange tek med seg noko å vise fram!
Velkommen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar