lørdag 1. oktober 2016

Reisebrev frå Mariann.


Halloen!

Når eg er ute og fartar litt så er eg alltid obs på om det er utstilingar eller quiltebutikkar i nærleiken. I går passa det seg slik at eg var ein tur til Brummunddal, og då var sjølvsagt Fabrikkutsalget (facebookside) (og heimeside) eit mål. Denne butikken ligg midt i Brummunddal sentrum og er ikkje eit fabrikkutsal slik som namnet gjev inntrykk av. Butikken er ein koselig butikk med både interiør, garn og ei stor avdeling med quiltestoff og andre stoff.



Butikken er inspirerande med mange modellar og stoffa er fint og fristande stilt ut i lokalet. Eg kom i kontakt med ei trivelig dame som jobba der og eg brukar å fortelje kven eg er og om løyve til å ta bilder.

Vi hadde ei triveleg stund der og vi utveksla mange idear og erfaringar, så takk til den lyshåra dama for at eg fekk sjå meg rundt og ta alle dei fine bilda frå butikken.






 Dette teppet er sydd etter eit mønster frå MyQuilt, ein enkel hurtigteknikk å bruke.

 Her er ein variant der linjalen "Storm at sea" er brukt.



I butikken var det mange løparar med ei trekanta midtbord. Eg fekk forklart at her var det sydd stripesett med fargar frå lyst til mørkt, antal stoff vel ein sjølv, og til slutt vart stripesettet kutta opp med 60-graderslinjalen og sydd sammen att. Dekorativ teknikk!! På løparen under er det sett på pynteband i overgangen til ramma.

















Takk for inspirasjonen, oppfordrar alle quilteinteresserte til å gjere eit stopp i byen Brummunddal når ein er på dei kantar. Byen er elles nydelig å rusle i, med nyoppussa bysentrum og butikkar både i gågate og i 2 kjøpesenter. God tur!!

helsing Mariann

Ingen kommentarer: