tirsdag 6. mai 2014

Besøk hos Tonje Brodering!

Det er  kjekt å få bilder/reisebrev frå medlemmer som er på reiser, spesielt når dei er nær ein quiltebutikk og fer innom på besøk!

Dette gjorde Torunn denne veka, og etter tips og adresse frå bloggred, så stakk ho innom denne butikken, Tonje Brodering på Kalandseidet i Bergen. Vi er vel alle litt spente på kva denne butikken i Bergen har å by på, for saknet etter Quiltekroken (nedlagt i vår) midt i sentrum av Bergen er stort. For oss som ein sjeldan gong er ein dagstur til byen, så kjem vi gjerne med båt eller buss til sentrum. Då ligg Tonje Brodering desverre litt for langt frå sentrum til at vi kan ta ein rask tur innom.

Så takk til Torunn og til butikken for at ho fekk ta alle desse flotte bilda!
































(Alle bilda er tekne av Arve Idar Utnes)

mandag 5. mai 2014

Maimøte

Velkommen til maimøtet i morgon tysdag 6.5 på Stokkenes Gjestegard kl 18.30!
Det er planlagt Quiltekafe denne gongen, så her blir det høve til god prat og god mat medan du kosar deg med eit syarbeid som du har med deg!

Vi håpar også at mange har med seg stjerneblokker av "Oh my stars" i svart/kvitt til vising, for det hadde vore kjekt å sjå kor fint det blir når vi legg dei saman. Og har du ikkje sydd den enno, så rekk du det kanskje likevel! HER kjem du til innlegget om  mønster og kva størrelse du skal velge. Kva for eit mønster du vil sy, bestemmer du sjølv!

torsdag 1. mai 2014

Regionstreff 6.4 i Operahuset Nordfjord!


Eit særdeles stort og flott Regionstreff er i hamn og vi som arrangørar er overvelda over den store interessa blant quiltarar i regionen vår. Det merkast at vi treng slike møteplassar, både for å bli inspirerte, få snakke i lag, treffe nye med same interesser og skape nye band. Mange brukte mykje tid og pengar i butikkane som hadde stand i den store foajeen i Operahuset Nordfjord, og vi unner desse butikkane å få god handel. Vi er utruleg heldige i vår region som har så mange gode butikkar, vi må støtte dei alt vi kan så dei kan fortsetje med same drifta. 



Vi er også veldig glade for den store og fantastiske utstillinga som vi kunne presentere. Mange tilreisande hadde med quiltar til utstillinga vår, her var det alt frå gode bruksting til høg kunst!!!!
Desse første bilda er av quiltar av tekstilkunstnaren Eldrid Røyset Førde frå Bremanger, fantastisk design, fargeval og quilteteknikk!




 Laga av Eldrid Røyset Førde.










 Dette teppet har leiar i klubben, Anne Marie, laga. Blokkene vann ho på Nordisk Quiltetreff i Ålborg, og no har ho sydd dei saman til eit flott teppe.



 Sølvis Quiltestudio hadde stand, og viste ferdige quiltar og mønster ho kan tilby til dei som vil ha quilta teppa sine profesjonelt.
































 Mange flotte gevinstar til både loddbok og åresalga.






 Klubben vår har hatt kurs i Dongeryvesker med Liv Ingun Holvik frå sandane, mange flotte resultat! Liv Ingun har vi booka til eit liknande kurs på Vestlandstreffet som vi skal arrangere i  oktober 2015.

































 Innsjekking! Og alle fekk mønster til eit lite stitcherymotiv, bildet under!





















Sidan vi var i Operahuset, måtte vi også vise fram flott tekstilarbeid knytt til operaframsyningar. Vi fekk låne to kjolar som var sydd til to ulike oppsetjingar.


















Det var stor aktivitet ved butikkane, og vi håpar at dei alle var nøgde med handelen denne dagen!

































 Vi hadde flotte lotteri, to åresalg med mange flotte gevinstar. Lotteriet på bok var også flott, mykje fine quilta ting var gevinstar, og mange glade vinnarar!
Vi hadde ope hus for publikum etter kl 14.30, og her dukka det opp mange interesserte. Dei fekk også ta lodd og forsyne seg av alle dei flotte festkakene!





 På menyen vår stor det rømmegraut og spekemat ! Nydeleg og velsmakande!







Kakebordet vart nok det vi lova,... Nordfjords største kakebord. Og heilt sikkert det vakraste! Og med kaker pynta til fest i Nordfjordbunad! Bakaren bak denne kaka får nok bestillingar etter dette!!