tirsdag 6. mai 2014

Besøk hos Tonje Brodering!

Det er  kjekt å få bilder/reisebrev frå medlemmer som er på reiser, spesielt når dei er nær ein quiltebutikk og fer innom på besøk!

Dette gjorde Torunn denne veka, og etter tips og adresse frå bloggred, så stakk ho innom denne butikken, Tonje Brodering på Kalandseidet i Bergen. Vi er vel alle litt spente på kva denne butikken i Bergen har å by på, for saknet etter Quiltekroken (nedlagt i vår) midt i sentrum av Bergen er stort. For oss som ein sjeldan gong er ein dagstur til byen, så kjem vi gjerne med båt eller buss til sentrum. Då ligg Tonje Brodering desverre litt for langt frå sentrum til at vi kan ta ein rask tur innom.

Så takk til Torunn og til butikken for at ho fekk ta alle desse flotte bilda!
































(Alle bilda er tekne av Arve Idar Utnes)

Ingen kommentarer: