torsdag 1. mai 2014

Regionstreff 6.4 i Operahuset Nordfjord!


Eit særdeles stort og flott Regionstreff er i hamn og vi som arrangørar er overvelda over den store interessa blant quiltarar i regionen vår. Det merkast at vi treng slike møteplassar, både for å bli inspirerte, få snakke i lag, treffe nye med same interesser og skape nye band. Mange brukte mykje tid og pengar i butikkane som hadde stand i den store foajeen i Operahuset Nordfjord, og vi unner desse butikkane å få god handel. Vi er utruleg heldige i vår region som har så mange gode butikkar, vi må støtte dei alt vi kan så dei kan fortsetje med same drifta. 



Vi er også veldig glade for den store og fantastiske utstillinga som vi kunne presentere. Mange tilreisande hadde med quiltar til utstillinga vår, her var det alt frå gode bruksting til høg kunst!!!!
Desse første bilda er av quiltar av tekstilkunstnaren Eldrid Røyset Førde frå Bremanger, fantastisk design, fargeval og quilteteknikk!




 Laga av Eldrid Røyset Førde.










 Dette teppet har leiar i klubben, Anne Marie, laga. Blokkene vann ho på Nordisk Quiltetreff i Ålborg, og no har ho sydd dei saman til eit flott teppe.



 Sølvis Quiltestudio hadde stand, og viste ferdige quiltar og mønster ho kan tilby til dei som vil ha quilta teppa sine profesjonelt.
































 Mange flotte gevinstar til både loddbok og åresalga.






 Klubben vår har hatt kurs i Dongeryvesker med Liv Ingun Holvik frå sandane, mange flotte resultat! Liv Ingun har vi booka til eit liknande kurs på Vestlandstreffet som vi skal arrangere i  oktober 2015.

































 Innsjekking! Og alle fekk mønster til eit lite stitcherymotiv, bildet under!





















Sidan vi var i Operahuset, måtte vi også vise fram flott tekstilarbeid knytt til operaframsyningar. Vi fekk låne to kjolar som var sydd til to ulike oppsetjingar.


















Det var stor aktivitet ved butikkane, og vi håpar at dei alle var nøgde med handelen denne dagen!

































 Vi hadde flotte lotteri, to åresalg med mange flotte gevinstar. Lotteriet på bok var også flott, mykje fine quilta ting var gevinstar, og mange glade vinnarar!
Vi hadde ope hus for publikum etter kl 14.30, og her dukka det opp mange interesserte. Dei fekk også ta lodd og forsyne seg av alle dei flotte festkakene!





 På menyen vår stor det rømmegraut og spekemat ! Nydeleg og velsmakande!







Kakebordet vart nok det vi lova,... Nordfjords største kakebord. Og heilt sikkert det vakraste! Og med kaker pynta til fest i Nordfjordbunad! Bakaren bak denne kaka får nok bestillingar etter dette!!







5 kommentarer:

margrethe.jaastad@live.no sa...

For et flott treff og utstilling,kakebordet såg fantastisk ut!Skulle ønske eg budde nærmere og kunne fått oppleve det live!Jammen er det flinke folk i Norges land,kunstnere alle man,bare man vil!Beste helsing Quiltegleder Margrethe

Anonym sa...

Flott levert , Mariann. Trur jammen du har tatt bilder av alt som var, flott treff. Elna

Ingvild sa...

Eg var innom quiltetreffet då det var ope hus, og fekk mykje inspirasjon frå alle dei flotte utstilte arbeida. Det var ein kjekk ettermiddag med mykje fint å sjå på, og god kake og vinst i lotteriet gjorde det enno betre! :)

www.77yum.com sa...

成人電影
香港六合彩
戴子郎的漏洞投資學
任你博娛樂城
現金版怎麼做
戴子郎團隊
情色a片下載
財神現金網
免費a片AV女優

www.3wae.com sa...

賭金
成人影片
九州現金版
a片免費看
娛樂城註冊優惠活動
信用版
賭神小古學費
豆豆聊天室
h漫