søndag 27. januar 2019

Bilder frå januarmøtet!

Året 2019 er i gang att og på siste møtet var det som vanleg mykje fint å sjå. Og overraskingar kjem det alltid.... "Vis og Fortel" er ofte kveldens høgdepunkt!!


Det var "Quiltekafè" på dette møtet og vi hadde også stitchery på agendaen. Alle fekk utdelt eit lite vintermotiv og Gitte gav gode råd. Ho hadde også med seg mange motiv ho har sydd.  Ho brukar for det meste 2 tråder Moulinégarn når ho syr. Mange fine motiv og gode tips om bøker med slike mønster.


Ein gammal ufo vart ferdig, blokka vart grytleapp!

Mariann har sydd liten duk etter papirmønster frå boka "Det kimer nå til lappefest" av Kari Melsom.



Synnøves flotte "Lommeteppe"!

Eit flott og fargerikt teppe sydd av Solfrid!




Anita har håndsydd dette!!!! Japansk bretteteknikk! Og det skal bli stort nok til dobbelseng,...imponerande arbeid!



Sybutikken Primula Design med flotte varer!



Elna har sydd denne løperen, alle stjernemotiva er handsaum over papirmaler. 



Toruns "Hunter Star"-blokk, kurs med Helle L for nokre år sidan!



Alltid god mat på møta våre, tusen takk til matvertane!!


onsdag 23. januar 2019

Skrivertips!

På kurset vi hadde med Mali Storli Engedal nylig, fekk vi tips om bruk av skriver.

Dersom du kjøper mønster som du laster ned og som inneheld maler, så står det som regel bilde av ei kontrollrute på mønsteret som skal være 1 inch i kvadrat.


Som regel er våre skrivarar innstilte på papirstørrelse A4 , men du kan endre på dette. Mali tipsa oss om at utskrifter med A4 innstilling på papirstørrelse ikkje vert heilt rett, og anbefaler å bruke US letter. Sjå bildet under her. Det er ikkje sikkert at alle skrivarar har same bilde som eksempelet her (Brother-skrivar).


Ved å sammenlikne utskrifter frå både A4 og US-letter innstilling, så viste det seg at US-letter hadde mål som kom nærmast 1 inch.





søndag 20. januar 2019

Quiltearrangement!

På eige initiativ har eg som driv bloggen her og Facebooksida vår, laga ei Facebookside som er kalla "Quiltearrangement". Sida har ikkje noko tilknytning til klubben vår, men eg tillet meg likevel å publisere litt info om den her fordi eg når mange.



Eg har lenge sakna ei samleside der vi kan finne info om quiltearrangement rundt om i landet. Ofte får vi vite om det etter at fristen for påmelding er ute eller det er fulltegna. Vi har mange flotte tiltak rundt om, nokre finn vi omtala i quilteblada våre, medan andre får vi vite om ved tilfeldighet. Vi har også quiltelag som arrangerer egne kurs for medlemmane sine, nokre gongar opnar ein opp for at andre også kan delta om kursa ikkje er fulle. 
Det er kjekt å gå på kurs og lære av både kursleiar og kvarandre, og eg synest det er viktig at kurs som blir arrangert, også kjem i gang. Det er då det er viktig at kursa er godt annonserte, slik at den som vil og kan, får høve til å melde seg på.
Sida på Facebook vert berre som ei oppslagstavle der eg samlar info og legg ut, så om noko vert feil eller endra, vil eg gjerne har info om det. Er ingen Facebookekspert, så tek gjerne imot råd om det trengs!! 
Håper alle quiltarar no kan glede seg litt ved å sjå på denne fristande "godteposen" med mange arrangement i 2019! Vil gjerne ha info om fleire kurs ol. som blir arrangert, og spesielt nord for Trondheim!!! Bruk då melding på Facebooksida eller epost hatlene@online.no

Her er ei liste over arrangement som eg har laga ut frå annonserte datoer, meir info om arrangementa finn du på Facebooksida der det er linka til offentlig info.

mvh

Mariann L. Hatlenes

  • 26.1          Quilting i Østerled, Kalnes 
  • 1.-3.2.       Syhelg, Voss
  • 16.2          Linjalkurs, Elverum
  • 22.-24.2    Syhelg, Surnadal
  • 15.-17.3.   Årsmøte NQF, Sundvolden
  • 5.-7.4.       Quilteweekend, Savalen
  • 26.-28.4.   "Kom å sy", Klækken
  • 26.-28.4.   Kurshelg v/Quiltegården, Røros 
  • 13.-15.6    Kurshelg v/Karmaquilt, Nesbru 
  • 12.-20.7.   Utstilling, Mora, Sverige
  • 22.-25.8.   Quilt Camp Norway; Gardermoen
  • 27.-29.9    Syhelg, Tønsberg

lørdag 19. januar 2019

Bilder frå "Rebel-kurs" med Mali Storli Engedal!

Helga 11. -13. januar hadde vi eit flott kurs med Mali Storli Engedal som kursholder.  Vi fekk lære å sy "Rebelquilt" etter mønster av Libs Elliott, og som dei første kursdeltakarane på eit slik kurs i Norge, så følte vi oss veldig heldige! Libs hadde gitt Mali løyve til å kurse i mønsteret, og det er ekstra kjekt no i etterkant å sjå at Libs har både sett og kommentert bilder positivt på Facebook! Sjå også omtale av kurset vi la ut i desember, HER finn du det.

Libs Elliott syr i sjangeren "Moderne Quilt" og lagar mønster og flotte stoffkolleksjonar. Rebellquilten har stramme former og einsfarga stoff i mange kontraster. I mønsteret er det brukt 7 ulike fargar og dette brukte vi òg i våre arbeid.

Mali har også sydd mange quiltar i moderne stil etter Libs sine mønster og vi fekk sjå mange modellar! Alle bilda under her er Mali sine arbeid.



Rebel kan syast i ulike størrelser, her har Mali ein liten over, ca 50x50 cm og under ca 150 x 150 cm , begge har akkurat like blokker.
















Mali  hjelpe oss med å setje saman dei 7 fargane og forklarte oss godt korleis vi starte med quilten. 



Og det var å kutte og kutte og kutte kvadrat i ulike storleikar! Litt travelt,..for vi ville no helst sy då, men slik er det alltid, ei god førebuing gjev også godt resultat.

Vi fekk også beskjed om å ta med oss papptallerkener!!?????? Til kva?? :)
Men vi har no lært at vi skal lytte til erfarne quiltarar, for dei som har sydd ein del, har også lært seg teknikker til å være effektive. 

På kurset "Oldemorsruter" med Mona, brukte vi papirark til å legge kutta stoff på, Mali brukar papptallerkener. 





Her blir fargar og stoffbiter sorterte i system etter mønsteret, for her kunne ei blokk heite A1, ei anna B7,....ja vi var litt forvirra i starten, men så lysna det for alle såg det ut til!!









Etter nokre timar med førebiung, så byrja vi å sjå ferdige blokker og etter kvart remser. Her brukte alle sine eigne fargevalg, så når det er 15 deltakarar på kurset, så er det kjekt å sjå alle flotte varianter i denne quilten med likt mønster!

Etter kvart som ein syr ferdig blokker, så pusler ein bitene på plass, her er det eit stort stoff som fungerer som "designvegg"!

Her er det valt ut eit utsnitt av mønsteret til å lage ein veggquilt. Stoffa her er skikkelig exclusive, ekte silke frå Kina!! Eit flott skin i dei vakre stoffa! Og ein god ide å berre ta eit utsnitt av blokkene på mønsteret for å lage ein slik quilt.

I løpet av veka etter kurset så dukka det opp fleire ferdig samansette quiltar på deltakarane sine Facebooksider/Instagram, har henta inn desse og lagt dei under her. Mulig det kjem fleire seinare, så følg med her.









 Under her er bilder frå Mali si side:









Vi hadde sjølvsagt nydelig mat i pausane våre, Pizza og Kylling-meny, god gjærkringle fredag og gode kaker dei to andre dagane. Og ikkje minst, herlige sprø tørka epleringar som snacks!!





Takkar Mali for ei kjekk kurshelg, dette kurset anbefales til andre interesserte i moderne quilt!!