Viser innlegg med etiketten Eldrid Røyset Førde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eldrid Røyset Førde. Vis alle innlegg

lørdag 2. april 2022

Ein utruleg flott dag er over!!

Så er Regionstreffet over og vi sit att med ei utruleg flott oppleving! Det same håper vi at alle våre gjester også har hatt.

Vi hadde ein draum om ei annleis utstilling, vi lufta den med medlemmane, for så å sende ein søknad til kyrkja om å bruke lokalet til utstilling. og vi fekk JA!!



Ei slik utstilling har truleg ikkje vore her i landet før, så vi var litt spente kor dette ville bli.

No i etterkant kan vi sjå tilbake på ei storstilt utstilling med heile 169 utstilte arbeid. 




Og vi som trudde at kyrkja var for stor for oss,...ja vi fekk knapt plass til publikum lengst framme i kyrkja. Her sat vi og fekk høyre på eit imponerande foredrag om kyrkjetekstilar av tekstilkunstnaren Eldrid Røyset Førde. Ho førte oss gjennom både histore og utvikling av dei ulike tekstilar som høyrer til i kyrkjer. Ho har designa og sydd ulike tekstilar til 6 kyrkjer og fortalde om både fargar, symbolikk og prosessen frå ide til ferdig produkt.




Vi hadde elles godt besøk i både kafe, lotteri og butikkar med quiltevarer i Kyrkjetunet.

Takk til alle som var innom oss på denne dagen, vi håper at vi kunne både inspirere med quiltane på utstillinga og at de fekk ei minnerik oppleving ved å sjå ei quilteutstilling på ein annleis måte!


tirsdag 17. april 2018

Foredrag v/Eldrid Røyset Førde!

På Regionstreffet som vi arrangerte no i april, hadde vi eit flott foredrag ved Eldrid Røyset Førde. Ho har også bloggen Kamelonquilt.

I fjor var Eldrid på Quiltefestival i Russland, ein festival som varte i ei veke!! Denne festivalen var i Suzdal aust for Moskva, ein by på litt over 10 000 innbyggjarar. Her var det eit utruleg mangfold av arbeid innan tekstil, alt frå "vanleg" quilting til kunst både på vegg og i folkedrakter!


Flott arkitektur! Eldrid viste oss mange bilder frå området i Suzdal, interessant å lære litt om russisk geografi!! HER kan du sjå meir om byen og festivalen!


 Der var fleire show med flotte drakter !
 Vi fekk sjå ein fantastisk bildeserie av eit festmåltid der all mat var laga av stoff, i 3-D! Under her er ei kake på stettfat med kirsebær! Imponerande!

 Mykje fantastisk quiltekunst vart vist denne veka i Russland, ikkje rart at Eldrid tok mange tusen bilder der!!



Det var brukt skiftande lys på nokre av kunstverka, dette gav ulike effekter!!








Del av portrett der det kun var brukt ulike fargar av dongeri!!


Tusen takk til eit interessant og flott foredrag! Vi har no sett at det er mykje flott quiltekunst i vårt naboland i aust! Om nokon tenkjer å ta turen dit, så er der ny festival i august i år!