lørdag 30. desember 2017

Bilder frå desembermøtet!

Desembermøta er alltid veldig koselige møter.

Det er julestemning med dempa lys i lokalet og julepynta bord, og tradisjonen tru så kjem nissen med gåver til alle medlemmane. Alle kjenner nissen, det er ingen hemmelighet, så nissen treng ikkje kle seg ut heller.

I mange år har Siv (tidlegare eigar av Lappestua Eid) laga til pakkar med spennande juleaktivitet til oss, sjølvsagt er det noko som skal syast den kvelden! Små figurar i filt/stoff har blitt laga kvart år, dette har blitt til fin pynt i juletre, på dekorgreiner eller som fin pynt i eit julekort til slekt og venner.



I år vart det snømann, og då aktiviteten var i gang rundt det pynta langbordet, så vart det merkbart stillare i rommet. Alle damer i full konsentrasjon og glede over kjekt arbeid. Tusen takk Siv, dette er noko vi set stor pris på!!

 Rikeleg med snømenn i Nordfjord denne kvelden!!


Fornøgde medlemmer med nylaga snømann!


 God mat på alle fat,....eit triveleg lag i travel førjulstid!! Takk til komiteen som laga det så fint til oss!





Medlemmane hadde mykje fint å vise fram, noko av det var sikkert julegåver som gleda mottakarane!!



Frå kurs vi hadde i vår med Helle Løwenskiold.




 Dette var små souvenirar kjøpt på ein ferietur til langt sydlegare grader!






Teppe handsydd av mor til eit medlem! Nydeleg arbeid!!














 Primula Design hadde som vanleg med eit flott utval av stoff, utstyr og mønster!







 På novembermøtet oppfordra vi medlemmane til å ta med julequiltar av "gammal årgang!
Stilen og fargene har nok endra seg mykje sidan quiltinga vart populær!!















Et av medlemmane viste desse to, over og under, ho hadde fått desse som gåve, nydelig arbeid og design!!




Etter mønster frå kurset og boka til Grete Gulliksen Moe; "Kult å sy"..