søndag 14. juni 2015

Artikkel nr 2 i Norsk Quilteblad!

I siste utgåve av Norsk Quilteblad finn du to artiklar om klubben. Den andre som du finn under her, handlar om kva Vestlandstreff er og blir arrangert. Historikken som er skriven, kom ikkje av seg sjølv. Litt tilfeldig vart det ein liten diskusjon og informasjonsdeling på Facebook, og det vart kontakt med dei som vart med i starten. Håpar at infoen vart rett formidla i artikkelen, og stor takk til damene som i starten laga det så kjekt til at alt berre utvikla seg til det som det er no. Vi håpar at vårt treff til hausten skal føre den gode tradisjonen med kurs og inspirasjon vidare.


Her er artikkelen:


Vestlandstreff 2015!

16.-18 oktober arrangerer Nordfjord Lappe- og Quilteklubb Vestlandstreff på Nordfjordeid. For quiltarar på Vestlandet har dette i mange år vore årets høgdepunkt i quiltemiljøet. Ja så mange år har det blitt at ein i år har 20 års-jubileum!

Historikk
Opphavet til Vestlandstreffet starta i det små på Skogbu på Bømlo i 1995. Initiativtakarane var Solveig Ottesen Blåsternes og Ingunn Espeland.  Dei hadde 4 kurs der. Då hadde dei inga aning om at dette skulle vekse seg så stort som dette arrangementet er i dag. Dei som var der, var enige om at dei måtte gjenta suksessen. Så året etter blei det arrangert på Lakseslottet i Suldal. Deretter vart det i 1997 i Bergen, på Stord i 1998. Med andre ord så sirkla det årlege arrangementet litt rundt i Hordaland før det byrja med arrangement i dei 4 Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
I 2000 kom arrangementet til oss på Nordfjordeid, neste gong her var i 2006, for så å bli arrangert for tredje gong hos oss i oktober i år.

Om treffet
Måten treffet har blitt arrangert på, har etter kvart gått inn i eit fast mønster. Her skal det være både arbeid, opplevingar og inspirasjon å hente, og det er vel akkurat det vi ynskjer å møtast for.
·      Det er som regel rundt 10 kurs  som går samtidig på eit lite område; td i ein skule, eit hotell og liknande. Nokre kurs varer begge dagane, medan det kan være fleire kortkurs; frå 3 timar til dagskurs.
·      Arrangøren har stor utstilling av eigne quiltar i lokala rundt kursa.
·      Det er gjerne fleire quiltebutikkar til stades med sal av mange ”godsaker”.
·      Demonstrasjon av symaskiner og anna utstyr er eit anna innslag.
·      Foredrag med tema knytt til quilting.
·      Festmiddag laurdag kveld med program av ulik art.

Her er som oftast alt samla på ein plass på dagtid, kurs og matservering går føre seg der, og det blir som å være i ei eiga quilteverd desse timane ein er der.

For kven?
Vestlandstreffet er ope for alle! Tidlegare var det vanskeleg å ha oversikt over kven som dreiv med quilting, då vart invitasjonane sende til quiltelag som igjen informerte sine medlemmer. Dei som sydde ”for seg sjølv” nådde vi ikkje fram til utan at vi tilfeldigvis kjende dei. No er alt blitt mykje enklare når vi har fått Facebook, det ser vi i år på kor mykje besøk det er på sida vår kvar dag. Utviklinga har vore fantastisk teknisk, men også fantastisk for dei som no kan følgje med på nettet kva som skjer av arrangement.

Velkommen til Nordfjord
Då gjenstår det berre å ynskje quiltarar velkomne til treffet vårt i oktober, påmeldingsfristen er 15.6, men om det er ledige plassar etter den tid, så kan ein komme til seinare også!

Mariann L. Hatlenes
Nestleiar /bloggredaktør

fredag 12. juni 2015

Vi er i Norsk Quilteblad!

I dag kom Norsk Quilteblad, medlemsbladet til Norsk Quilteforbund. Der er  det med to artiklar om klubben vår!



Temaet i bladet denne gongen er "Vest i landet", og her er både lag, enkeltpersonar, arrangement og butikkar i vest godt representerte.

På side 33 finn du ein artikkel som underteikna har skrive om Vestlandstreff. Her er det samla historikken frå då treffet vart til og fram til no.

På side 58 og 59 handlar det om klubben vår, med overskrifta "Livet hos oss". Når ein sender inn stoff til ein artikkel, så vert det også sendt med bilder av quiltar som medlemmar i klubben har laga. I denne artikkelen ser de Hjerteteppe laga av Laila S.B., stort "Stjerneteppe" laga av Aud L., Dongeryveske laga av Ingebjørg L. U. og av butikkutvalet til Primula Design.

Norsk Quilteblad  fekk nytt og tiltalande design for ei stund sidan, så ein oppmodar alle quilteinteresserte i å bli medlem i Norsk Quilteforbund. Facebookside har dei også fått, den finn du HER.
Om du ikkje har bladet og har lese "Livet hos oss", så finn du artikkelen under her!



Livet i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb!

Langt…….
·      Vi har eit langt namn på klubben vår, men når den ligg ved den lange Nordfjorden, så passar det ganske bra.
·      Når vi har møta våre, så er det mange av medlemmane som har lang reise, nokre svært lang! Ho med lengste vegen brukar både ferje og bil, ei reise på rundt 2 timar kvar veg! ”Men det er verdt det”, seier ho og gler seg veldig til kvart møte!
·      Medlemslista vår er lang, talet ligg stabilt rundt 50 kvart år og med stor aldersspreiing. Nokre har vore medlem sidan oppstart, nokre tek pause, nokre går ut og nye kjem inn!

Jubileum.
NLQ er ein aktiv klubb som vart starta i 1995, så i år har vi 20-års jubileum. Dette skal vi feire med tur vest til havet der vi skal ha syhelg i mai med kurs, god mat og kjekt samvær med likesinna!

Medlemsmøta
Medlemmane våre kjem frå heile regionen rundt Nordfjord, frå Sunnfjord og frå Sunnmøre, frå heile 10 forskjellige kommunar! Måten vi driv klubben vår på, gjer at det på kvart medlemsmøte er rundt 35 medlemmar. Vi har møta våre ein gong i månaden på Nordfjordeid, og vi har spurt kva som gjer at dei møter opp så trufast på møta. ”Det er det sosiale samværet”, seier dei, ”den gode maten som matvertane serverer”, ”vi blir inspirerte av å sjå andre sine arbeid!” Og det er nok akkurat dette som gjer at vi trivst så godt i lag. Vi kjenner kvarandre på fornamn, vi prøver å være inkluderande og praten går livleg!

Møta har etter kvart fått eit fast innhold, for som regel får vi lære noko nytt. Det kan være ein teknikk, sying av ulike småting, demonstrasjonar, vi har hatt gjennomgangstema ”stjerner” , ”hjerter” og kalendarblokker gjennom eit år, vi har hatt fordjuping i ”Dear Jane” og ”Baltimore”. Siste året har vi hatt linjalar som tema, og vi har hatt fleire linjalkurs.

På kvart møte er vi så heldige å ha 1-2 quiltebutikkar! Vi reknar Nordfjordeid for å være eit ”Quiltemekka” på Vestlandet, for midt i Eidsgata har vi to quiltebutikkar; ”Primula Design” og ”Lappestua-Eid”, der begge innehavarane også er aktive medlemmar og kursholdarar for oss.

”Vis og fortel” er eitt av høgdepunkta, for her dukkar det opp svært mykje fint. Nokre av medlemmane er svært ”Syaktive”, syr etter kjende mønster, eksperimenterer vidare, og vi har også ei som designer mønster! Ein fantastisk gjeng som inspirerer kvarandre, dei fortel om teknikken, erfaringar, lure tips, og når alle kjenner alle, då er dette eit innslag som er veldig nyttig og lærerikt.
Underteikna er bloggredaktør og fungerer som offisiell fotograf på møta. Etter kvart vart det til at alt som vart vist fram, vart fotografert og lagt ut på bloggen vår; NLQ Photo. Her er fokuset på quilten og teknikken, bilda blir kutta slik at personar ikkje er med. Då er det også mykje kjekkare å publisere bilder på nettet!

På kvart møte har vi også lotteri der vi kjøper gevinstar av ein av butikkane , dette er populære quiltegevinstar, og loddsalet går godt!


Sosiale media
Klubben har hatt blogg sidan 2007 og i fjor fekk vi Facebookside. Det siste fann vi var nødvendig for å nå ut til flest mogleg, og det var eit rett tiltak. Det er mykje besøk på sidene våre, og vi legg vekt på å ha ein ”levande blogg”/FB-side der det skjer litt heile tida. Vi har bilder frå alle klubbmøter og kurs, annonsering av det som skal skje både lokalt og elles i quilteverda, vi deler gode idear frå nettet, oppskrifter på gode kaker frå møta og vi legg ut linkar. Sidene skal være inspiratoren til medlemmane og andre som deler vår interesse.

Mange kurs
Vi har i alle år lagt vekt på å ha mange kurs for medlemmane. Vi har to i styret som har ansvaret for planlegging og gjennomføring av kursa, det meiner vi er
lurt sidan det er både mykje arbeid og ansvar økonomisk med det. Tanken er at om vi skal utvikle oss både teknisk og kunstnerisk, må vi få inspirasjon. Vi har henta kursholdarar frå utlandet, kjende norske og lokale!! Men kurs kostar å arrangere, så vi har laga oss ein ”god sirkel”. Skal vi få medlemmane til å delta på mange kurs, må dei ikkje koste for mykje. Difor har vi lagt opp til å ha ein del dugnadar som gjev inntekter, som igjen sponsar kursa til medlemmane. Og det virkar, for vi har i snitt 4 fullteikna kurs i året!! Vi har hatt kjekke arrangement som ”Låvemesse”, ”Regionstreff” og ”Vestlandstreff” fleire gongar, og medlemmane har stilt opp for klubben. I oktober skal vi arrangere ”Vestlandstreff” for tredje gong, og vi har allereie jobba mykje dugnad med førebuingane til det.

No gler vi oss til hausten då vi skal arrangere Vestlandstreff, og vi reknar med å treffe endå fleire som tryllar med stoffbitar då!

Mariann L. Hatlenes, nestleiar/Bloggred.

tirsdag 2. juni 2015

Jubileumskurset med Randi Røys!

Vi hadde to gode kursdagar heilt vest ved storhavet! I grendahuset i Vedvik møtte vi svært gode kurslokaler, og det kom vel med. 28 medlemmer stilte opp med symaskin, klare til å lære av Randi Røys. Og visst lærte vi!


Randi hadde med seg mange flotte modellar, alle laga rundt den same basismodellen ho har laga mønster til. Kjempeflott Randi!
Her er ein av modellane hennar. 

Randi skal være ein av kursholdarane på Vestlandstreff, og denne helga hadde vi det same kurset som ho skal ha på treffet 16.-18. oktober.  Kursmodellen er i utgangspunktet eit veggoppheng med ulike årstider der det kan festast på ei lomme til månadskalendar under. Opphenget kan sjølvsagt brukast åleine, og det kan også brukast til løpar. Det kan her nemnast at på invitasjonen til Vestlandstreffet, så er det bilde av modellen "Haust". I kompendiet på kurset vil ein få mønster til 4 årstider, og ein kan sjølvsagt sy ei anna årstid enn haust om ein vil!!


Under her er modellen "Haust", sydd i nydelege haustfargar. Men sidan det no er sommar, så valde vi å sy den "varme" årstida!!

Her kjem bilder av noko av det som vart til på kurset!






Mange av oss laga alternativ ut frå denne modellen, både lenger og smalare, og sidan vi var heile 28 på kurs, så vart det virkelig mykje flott å sjå!
 Lang løpar med stokkroser!

 Andre stokkroser under arbeid!



Nydelig med stiliserte blomster i lag med flotte stoff!


 2 smale løparar, effektiv bruk av kurstida når ein seriesyr!!

 Sjå på desse friske fargane!


 Løparar under arbeid, mange detaljar som skal på plass,....i rett rekkefølge!




Ein løpar heilt i startfasen! Balistoff gjev kjempeflotte effektar i slike blomster, mange brukte slike stoff.






 Her er dei fleste av oss samla, men ikkje alle veggbilda/løparane vart med. Utvalet i innlegget her viser likevel kor mykje flott vi laga etter inspirasjon frå kursholder Randi.

......Og om nokon sakna matbilder???? Sjølvsagt så hadde vi mange og gode matpausar. Vi hadde ein fantastisk lunsj begge dagane, takka være oss sjølve!! For vi la opp til "korgafest" der alle hadde med noko til lunsjbordet. Då vi såg kva som var samla på bordet, kunne vi fastslå at vi hadde ikkje fått det bedre om vi var på hotell!!


 Såå nydelig mat! Visst kan vi meir enn å sy!

Til slutt vil vi takke oss alle for at vi tok oss ei helg i lag, og hadde det heilt fantastisk. 
Vi må nok jubilere litt oftare!!!