fredag 12. juni 2015

Vi er i Norsk Quilteblad!

I dag kom Norsk Quilteblad, medlemsbladet til Norsk Quilteforbund. Der er  det med to artiklar om klubben vår!



Temaet i bladet denne gongen er "Vest i landet", og her er både lag, enkeltpersonar, arrangement og butikkar i vest godt representerte.

På side 33 finn du ein artikkel som underteikna har skrive om Vestlandstreff. Her er det samla historikken frå då treffet vart til og fram til no.

På side 58 og 59 handlar det om klubben vår, med overskrifta "Livet hos oss". Når ein sender inn stoff til ein artikkel, så vert det også sendt med bilder av quiltar som medlemmar i klubben har laga. I denne artikkelen ser de Hjerteteppe laga av Laila S.B., stort "Stjerneteppe" laga av Aud L., Dongeryveske laga av Ingebjørg L. U. og av butikkutvalet til Primula Design.

Norsk Quilteblad  fekk nytt og tiltalande design for ei stund sidan, så ein oppmodar alle quilteinteresserte i å bli medlem i Norsk Quilteforbund. Facebookside har dei også fått, den finn du HER.
Om du ikkje har bladet og har lese "Livet hos oss", så finn du artikkelen under her!



Livet i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb!

Langt…….
·      Vi har eit langt namn på klubben vår, men når den ligg ved den lange Nordfjorden, så passar det ganske bra.
·      Når vi har møta våre, så er det mange av medlemmane som har lang reise, nokre svært lang! Ho med lengste vegen brukar både ferje og bil, ei reise på rundt 2 timar kvar veg! ”Men det er verdt det”, seier ho og gler seg veldig til kvart møte!
·      Medlemslista vår er lang, talet ligg stabilt rundt 50 kvart år og med stor aldersspreiing. Nokre har vore medlem sidan oppstart, nokre tek pause, nokre går ut og nye kjem inn!

Jubileum.
NLQ er ein aktiv klubb som vart starta i 1995, så i år har vi 20-års jubileum. Dette skal vi feire med tur vest til havet der vi skal ha syhelg i mai med kurs, god mat og kjekt samvær med likesinna!

Medlemsmøta
Medlemmane våre kjem frå heile regionen rundt Nordfjord, frå Sunnfjord og frå Sunnmøre, frå heile 10 forskjellige kommunar! Måten vi driv klubben vår på, gjer at det på kvart medlemsmøte er rundt 35 medlemmar. Vi har møta våre ein gong i månaden på Nordfjordeid, og vi har spurt kva som gjer at dei møter opp så trufast på møta. ”Det er det sosiale samværet”, seier dei, ”den gode maten som matvertane serverer”, ”vi blir inspirerte av å sjå andre sine arbeid!” Og det er nok akkurat dette som gjer at vi trivst så godt i lag. Vi kjenner kvarandre på fornamn, vi prøver å være inkluderande og praten går livleg!

Møta har etter kvart fått eit fast innhold, for som regel får vi lære noko nytt. Det kan være ein teknikk, sying av ulike småting, demonstrasjonar, vi har hatt gjennomgangstema ”stjerner” , ”hjerter” og kalendarblokker gjennom eit år, vi har hatt fordjuping i ”Dear Jane” og ”Baltimore”. Siste året har vi hatt linjalar som tema, og vi har hatt fleire linjalkurs.

På kvart møte er vi så heldige å ha 1-2 quiltebutikkar! Vi reknar Nordfjordeid for å være eit ”Quiltemekka” på Vestlandet, for midt i Eidsgata har vi to quiltebutikkar; ”Primula Design” og ”Lappestua-Eid”, der begge innehavarane også er aktive medlemmar og kursholdarar for oss.

”Vis og fortel” er eitt av høgdepunkta, for her dukkar det opp svært mykje fint. Nokre av medlemmane er svært ”Syaktive”, syr etter kjende mønster, eksperimenterer vidare, og vi har også ei som designer mønster! Ein fantastisk gjeng som inspirerer kvarandre, dei fortel om teknikken, erfaringar, lure tips, og når alle kjenner alle, då er dette eit innslag som er veldig nyttig og lærerikt.
Underteikna er bloggredaktør og fungerer som offisiell fotograf på møta. Etter kvart vart det til at alt som vart vist fram, vart fotografert og lagt ut på bloggen vår; NLQ Photo. Her er fokuset på quilten og teknikken, bilda blir kutta slik at personar ikkje er med. Då er det også mykje kjekkare å publisere bilder på nettet!

På kvart møte har vi også lotteri der vi kjøper gevinstar av ein av butikkane , dette er populære quiltegevinstar, og loddsalet går godt!


Sosiale media
Klubben har hatt blogg sidan 2007 og i fjor fekk vi Facebookside. Det siste fann vi var nødvendig for å nå ut til flest mogleg, og det var eit rett tiltak. Det er mykje besøk på sidene våre, og vi legg vekt på å ha ein ”levande blogg”/FB-side der det skjer litt heile tida. Vi har bilder frå alle klubbmøter og kurs, annonsering av det som skal skje både lokalt og elles i quilteverda, vi deler gode idear frå nettet, oppskrifter på gode kaker frå møta og vi legg ut linkar. Sidene skal være inspiratoren til medlemmane og andre som deler vår interesse.

Mange kurs
Vi har i alle år lagt vekt på å ha mange kurs for medlemmane. Vi har to i styret som har ansvaret for planlegging og gjennomføring av kursa, det meiner vi er
lurt sidan det er både mykje arbeid og ansvar økonomisk med det. Tanken er at om vi skal utvikle oss både teknisk og kunstnerisk, må vi få inspirasjon. Vi har henta kursholdarar frå utlandet, kjende norske og lokale!! Men kurs kostar å arrangere, så vi har laga oss ein ”god sirkel”. Skal vi få medlemmane til å delta på mange kurs, må dei ikkje koste for mykje. Difor har vi lagt opp til å ha ein del dugnadar som gjev inntekter, som igjen sponsar kursa til medlemmane. Og det virkar, for vi har i snitt 4 fullteikna kurs i året!! Vi har hatt kjekke arrangement som ”Låvemesse”, ”Regionstreff” og ”Vestlandstreff” fleire gongar, og medlemmane har stilt opp for klubben. I oktober skal vi arrangere ”Vestlandstreff” for tredje gong, og vi har allereie jobba mykje dugnad med førebuingane til det.

No gler vi oss til hausten då vi skal arrangere Vestlandstreff, og vi reknar med å treffe endå fleire som tryllar med stoffbitar då!

Mariann L. Hatlenes, nestleiar/Bloggred.

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk Mariann for fantastisk godt arbeid /formidling av kor kjekt det er å ha ein felles hobby.Ikkje rart klubben består når slike som du legg så mykje arbeid i det.Helsing Ingun