lørdag 24. september 2016

Lisas toalettveske

Lisasol sin  blogg har ho lagt ut bilder av tøffe toalettvesker ho har sydd.


Same mønsteret har ho brukt til desse to tøffe toalettveskene under her som ho har sydd denne veka!

 Ekstra kjekt er det at ho har laga ein steg for steg beskrivelse av framgangsmåten. Den finn du HER!

Takk til Lisa som deler mønster med oss andre, legg gjerne att helsing til henne på bloggen om du brukar mønsteret! Og om du lurer på korleis du kommenterer på bloggen, så har ho også lagt ut framgangsmåten for det slik:


Kommentarer

Hvis du har lyst til å skrive en kommentar og ikke vet hvordan du skal gå frem:
- klikk først på "kommentarer" under innlegget
- Klikk på "anonym" i rulleteksten bak der det står "Kommenter som".
- skriv gjerne navnet ditt under innlegget

- til slutt klikker du på "publiser kommentaren din".

LYKKE TIL!!

onsdag 21. september 2016

Sytips: Teposeholder!!

Eit lite sytips til den som vil sy noko som ein blir fort ferdig med:

 TEpose-holder!

Mønsteret er frå sida The sewing directory og du finn det gratis HER

HER finn du bilder av mange teposeholdarar sydde etter dette mønsteret og av andre mønster.

søndag 18. september 2016

Bilder frå septembermøtet



På septembermøtet hadde vi linjalen "Lazy Angle" som tema. Linjalen er enkel i bruk, men vi kan lage 100-vis av ulike blokker med den! Vi såg også at vi kan sy sammen delar og kutte fleire gongar og såleis oppnå meir avanserte stjerneformer. Ingun frå Primula Design hadde laga modellar og viste oss bruken av linjalen.


Med eit Balistoff med stor fargevariasjon, så treng du berre eitt motivstoff og eitt til bakgrunn! Her går fargane heilt frå rosa til grønt og ein får stort fargespel i blokkene!

Blokka over er sydd sammen først ein gong og deretter er den kutta endå ein gong med linjalen. Blokka under er kutta og sydd sammen berre ein gong.


Alt etter korleis ein snur på bitane, så får ein ulike stjerner! Dette er dei same delane lagt ut på ulik vis.
Blokkene er her sett inn i ei rund ramme, denne monteringa skal vi lære på oktobermøtet!

 Primula Design  hadde som vanleg med mange fristande nyheter, både stoff, modellar og nye mønster.




 ....og ja, sjølvsagt fekk vi oss ein god kaffipause midt i alt syarbeidet! Takk til matvertane for  nydelig mat,...både å sjå til og å smake!!





mandag 5. september 2016

Info om møtet i morgon!

Om nokon ynskjer å kutte nokre remser til det vi skal sy i morgon med linjalen Lazy Angle, så kan de velge  bredde på 2,5 eller 3 inch iflg Ingun på Primula Design!

Velkommen til ein kjekk ettermiddag i fint haustver, og husk å ta med symaskina! Sjå elles info i forige innlegg om møtet!