søndag 18. september 2016

Bilder frå septembermøtet



På septembermøtet hadde vi linjalen "Lazy Angle" som tema. Linjalen er enkel i bruk, men vi kan lage 100-vis av ulike blokker med den! Vi såg også at vi kan sy sammen delar og kutte fleire gongar og såleis oppnå meir avanserte stjerneformer. Ingun frå Primula Design hadde laga modellar og viste oss bruken av linjalen.


Med eit Balistoff med stor fargevariasjon, så treng du berre eitt motivstoff og eitt til bakgrunn! Her går fargane heilt frå rosa til grønt og ein får stort fargespel i blokkene!

Blokka over er sydd sammen først ein gong og deretter er den kutta endå ein gong med linjalen. Blokka under er kutta og sydd sammen berre ein gong.


Alt etter korleis ein snur på bitane, så får ein ulike stjerner! Dette er dei same delane lagt ut på ulik vis.
Blokkene er her sett inn i ei rund ramme, denne monteringa skal vi lære på oktobermøtet!

 Primula Design  hadde som vanleg med mange fristande nyheter, både stoff, modellar og nye mønster.




 ....og ja, sjølvsagt fekk vi oss ein god kaffipause midt i alt syarbeidet! Takk til matvertane for  nydelig mat,...både å sjå til og å smake!!





Ingen kommentarer: