torsdag 22. juli 2010

Noko å glede seg til i regnveret!

Når det regnar som verst her i vest, må vi sjå framover og glede oss til noko. Først og fremst er det vel sola vi gler oss til, men deretter er det noko anna og stort mange av oss har i vente. Det er kurset med George Siciliano!! Og gle dykk de som no har fått plass, for no er det FULLT på kurset!!
Heile 30 stk har meldt seg på!! Og følg med på post/epost framover no, kursleiar kjem til å sende ut info om kurset om ikkje så lenge!


Før han kjem til oss, så er han hos Mia Øhberg i Sverige og held kurs der. Les om han HER på heimesida til Mia. Besøk også heimesida til George HER.

onsdag 21. juli 2010

Free quilt patterns!

Free quilt patterns,- gratismønster-, ja her er det visst idear i tusental. Sikkert litt av kvart å finne her, og iallefall minst ein dagsjobb å sjå over kva som finst.


Klikk HER så kjem du til alle mønstra!

Men den som leitar, han skal visst også finne noko. Så her er det berre å setje seg i sving,....og så sender de bilder til bloggen etterpå????

tirsdag 20. juli 2010

Syr de????

Sit de i gokroken og syr eller er de ute og trassar det våte veret?? No er det visst like før sola kjem, for det ordnar Malakoff Rockfestival kvart år!! Berre 3 dagar til det, men inntil då, så kan de rekke å prøve ut eit tips som kom frå Torunn i dag. Bandbroderi! Ho kom over det i Familien frå 1996.
Klikk på bilda så blir dei større! Du kan også kontakte Torunn om du ikkje får til å forstørre bildet, då sender ho deg en kopi!! Sjå også bilder frå klubbmøtet i Mai , der var det Inger som hadde dette som tema og dekor på ein bunadskjortepose.

søndag 11. juli 2010

Meir sytips?

I regn og torever passar det godt å ta fram syarbeidet, enten det er handsaum eller maskinsaum du likar.

Dagens tips finn du i Kalenderbloggen vår. Der er det no, litt forsinka desverre, lagt ut mønster til kalenderblokker for juni og juli.
Lykke til med sy-kosen!!

onsdag 7. juli 2010

Endå meir sytips???


Det blir ikkje sol på lenge visst nok, så då får eg følge opp med meir sytips til dåkke som syr!! (bloggred. berre surfer i quilteblogger, men det òg kan no vere nyttig!!)

Sigruns blog viser ein enkel men fin løpar som ho har komponert sjølv. Og det aller beste; ho har lagt ut nøyaktig oppskrift slik ho har laga sin løpar.

Kikk innom bloggen hennar, men husk å legge igjen helsing til henne om du brukar ideen!!

Årets blåtur

Kvart år arrangerer klubben vår ein blåtur i juni for medlemmane. Nokre av medl. tek på seg å lede oss fram til nye og spennande plassar i distriktet vårt, og i år var det "damene frå Leivdalen" som styrte. Bloggredaktør var ikkje med denne gongen, men eitt av medlemmane har lagt ut flott omtale og bilder frå blåturen på bloggen sin, så ta ein titt hos Tiril Sol!!

Maten var visst svært god, ei spesiell Vikingsuppe!! Og om oppskrifta dukkar opp, så vil du finne den her seinare.

HER er oppskrifta!

Bildet er frå bloggen til Tiril Sol

mandag 5. juli 2010

Treng du sytips?


Det er ikkje blitt skikkelig sommar hos oss enno, så kanskje du treng noko å sy på?

I bloggen til Timotei såg eg at ho hadde sydd eit lite etui til kort som vi har massevis av, men sjeldan brukar. Likevel puttar vi dei i lommeboka så ho struttar!!
Bildet er frå bloggen til Timotei.

Så kvifor ikkje sy eit fint etui som ekstra lagerplass? Ideen og mønster finn du i ein annan blogg, A spoonful of sugar. Her finn du ei PDF-fil med nøyaktig framgangsmåte. Desverre er den berre på engelsk, men der er bilder og tal, så de finn nok ut av det likevel!!
Bilda under er henta frå A spoonful og sugar.

Ynskjer god sommar til alle medlemmer og besøkande, og har de fleire tips til småarbeid, kan de sende epost eller tipse i kommentarfeltet!