lørdag 13. mai 2017

Bilder frå maimøtet!



Vi hadde tema "Mexikansk fletteteknikk" på dette møtet. 

Vi starta med å lære fletteteknikken på aprilmøtet, og no fekk vi lære korleis vi syr sammen flettene og også korleis ein kan sy i glidelås. 



Grete Midthjell har vore ein dyktig lærar for oss på desse to møta, så tusen takk for flott inspirasjon og instruksjon! Det blir nok laga mykje fint i denne teknikken innimellom, for til dette treng vi ikkje symaskin! Det er berre å ta med seg på turar over alt!!!

Grete fekk også overrekt nydelig blomster for flott innsats som kursmedhjelper i styret, ho gjekk ut av den rolla no i vår.




 Dette er laga av papir frå lokalavisa "Fjordabladet", litt artig å vise dette fordi vi hadde besøk av journalist frå akkurat Fjordabladet på møtet. Artikkelen om oss stod i forige innlegg her på bloggen.





























Primula Design hadde som vanleg med siste nytt i stoff og mønster. Takkar også butikken for at det ofte vert vist mange flotte modellar der dei nyaste mønstra er brukt i lag med stoff som er å få kjøpt i butikken. Dette merkar vi inspirerer medlemmane mykje!
 Sjå denne flotte lilla veska sydd etter mønster frå Bente Malm!!







God kaffimat som vanleg, og gjer ekstra godt for mange av medlemmane våre som reiser langt! Vi hadde ei opptelling av kor mange kommuner våre medlemmer kjem frå, og vi fekk ei imponerande liste på 12 kommuner frå både Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre! Sjå her:
  • Luster
  • Stryn
  • Hornindal
  • Eid
  • Bremanger
  • Vågsøy
  • Vanylven
  • Herøy
  • Ulstein
  • Sula
  • Sykkylven
  • Volda
Ja vi er ein glad gjeng med gode venner i eit flott interkommunalt samarbeid! 

Då gjenstår det å ynskje alle ein flott maimånad og så møtest vi til BLÅTUREN 6.6!! Det kjem litt info/påminning om den når dagen nærmar seg!


tirsdag 9. mai 2017

Omtale av oss i Fjordabladet!

I dagens lokalavis "Fjordabladet" er det omtale av klubben vår! Fokuset er på prisen vi fekk frå Studieforbundet kultur og tradisjon, "En million på rett kurs"!

(Bildet er frå den digitale nettavisa til Fjordabladet)

Journalisten tok seg god tid til å bli kjend med medlemmane og høyre om aktiviteten i klubben vår.
Med rundt 60 medlemmer frå heile 13 kommuner i regionen vår, så har vi ein fantastisk kjekk møteplass for oss med same interesse!

Til dei medlemmane som ikkje abonnerer på avisa: Om du vil ha dette bildet på epost, send epost til hatlene@online.no så får du det tilsendt!