Vi er så heldige å ha to quiltebutikkar på Nordfjordeid,
Lappestua v/Siv og
Primula Design v/Ingun, og det er virkelig to gode!! Det bugnar av stoff og utstyr i begge, og dei utfyller kvarandre på ein flott måte. Dei har ulike stoff og ulike mønster, så når vi først har bruk for noko, ja så må vi også besøkje begge to!
I dag har bloggred. vore innom begge, og akkurat no kan du gjere ein god handel om du kjem innom! Berre sjå her:
Hos Lappestua kan du no kjøpe mange ulike linjalar til 50 % avslag.
Og her er tusenvis av flotte knappar,..... dette er berre litt av dei!
Mange flotte motivknappar!
...og eit stort utval av flotte fargeseriar med Quiltestoff! Dette flotte stoffet med friske damer er nettopp komt til butikken!
I den andre enden av butikken er det rikeleg med strikkegarn, Lappestua og Ein rød tråd samarbeider i same butikklokale.
Denne veka er GRØN les vi på skiltet utanfor, og du kan til og med laurdag 13.10 kjøpe utvalde grøne stoff til halv pris!!! Kjempetilbod!!