Det er blitt mai, og tysdag 3.5 er det klubbmøte med Quiltekafe.
Temaet på dette møtet er Buggy Barn igjen, vi vil at dei som held på med blokker til "Tepper som varmer" tek desse med, og dei som ynskjer å sy på desse har høve til å ta med symaskin. Er det blokker som er ferdige, så ser vi på dei og korleis dei skal monterast. Her er det mykje arbeid for mange, og vi håper at alle vil ta del i dette på ein eller annan måte.Det er også høve til å sy på eigne blokker, og vi lærer teknikken av kvarandre.
Det vert som vanleg også "Vis og fortel", men denne gongen vil vi endre litt på visinga. Vi ynskjer at mange tek med seg quiltar til å henge opp på "Snora" vår, men når det kjem til Vis og fortel, så vil vi at kvar utstillar tek fram 1-2 produkt dei vil seie noko om. Det kan td. vere kvar ideen kom frå, mønster, tips til å dele med andre mm.