tirsdag 25. januar 2011

Snart februar og klubbmøte!

(bildet er frå internett )

Det nærmar seg februar og nytt klubbmøte, berre ei veke att. Noko anna som også nærmar seg, er vår neste store høgtid. No er det rett nok i slutten av april påska kjem, men skal vi lage noko, så må vi òg byrje i tide. Som de ser så kikkar påskeharen inn på bloggen så vidt, og då passar det å komme med litt info om aktiviteten på neste møte.

Vi skal ha eit tema som går over 2 møter, februar og mars. Torunn vil vise ein modell etter eit mønster som vi skal jobbe med som basis. I arbeidet med denne modellen vil vi demonstrere ulike teknikkar innan applikasjon og quilting. Mange av medlemmane våre har lang erfaring, men her tenkjer vi spesielt på våre nyaste medlemmer, og vi vil gjerne dele våre erfaringar med dei. Og sjølv om mange kan det meste, er det nok alltid små tips å hente for dei òg.

Fakta om neste møte:

  • Du vil få eit mønster
  • Det blir vist ulike teknikkar innan applikasjon.

Ta med deg:

  • Eit lyst stoff til botnstoff, ca 30 x 40 cm
  • Vårlege stoff, evt. pasteller, her treng du berre små bitar.
  • Frysepapir (om du ikkje har, så får du på møtet)
  • Du kan òg få bruk for vlisofix og vatt H630
  • Sysaker til handsaum
  • Blyant, papirsaks

Minner også om at vi på forige møte vart enige om å ha ei lita veskeutstilling i tillegg til "Vis og fortel". Dei som vil, tek då med seg 2 vesker som dei synest om. Om du har laga den sjølv eller fått/kjøpt den, så er det heilt ok også.

mandag 24. januar 2011

Kunstnerisk crazy egg!

Under førebuing til neste innlegg om klubbmøte, så søkte red på Google etter bilder med tema påske. Kom då over dette utruleg flotte crazyquilt-egget på denne bloggen og tykte at dette fortente eit eige innlegg. Kunstnaren bak dette skriv at ho vart inspirert av dei viktorianske egga der det er eit utsmykka rom inni. Ho bur i USA og HER er bloggen hennar.
Herved er inspirasjonen sendt vidare til alle medlemmer i klubben!!

Januarbilder

Dagens tema var stitcherymotiv på bakehandkle og brødkorg. Inger hadde med mønster og det vart mange aktive på møtet.Medlemmane var oppfordra til å ta med det dei ville vise av bakehandkle, pyntehandkle ol.
Det vart mykje god prat om denne utstillinga,.... ikkje sant Laila og Solfrid??? (bildet over)





































søndag 23. januar 2011

Quilte-TV!


Vil du ha litt sy-underholdning?? I Amerika har dei alt, også Quilte-TV! HER finn du dagens underholdning, eit Bargello-Show!
Du finn fleire kanalar ved å velge frå Video Channels som du finn oppe til høgre på sida.
Om du kjem inn på td. Sewing with Nancy så kan du velge mellom fleire videoar.
Red. har ikkje vore inne på så mange av desse kanalane, så om alt virkar veit eg ikkje. Veit heller ikkje om det er nye show kvar dag, det får de heller erfare etter kvart. Men i alle fall eit artig innslag å sjå på om du ikkje har lyst til å sy sjølv!

Juleavslutning 2010

Juleavslutning på tradisjonelt vis,...med mykje god mat og koselig småarbeid.Dei ansvarlege hadde dekka på med nydelige småquiltar som bordpynt. Mariann og Torunn var ansvarlege for aktiviteten. Mariann hadde førebudd sying av julepynt i filt, og Torunn viste eit superlett hjerte sydd på forsvinningsplast.
Siv i Lappestua hadde med seg eit utruleg utval av flotte dekorband.






Buggy Barn stjerne som vart til eit stort teppe!

Pute frå Nostalgi- kurset i haust.




Frå kurset med George Siciliano i august 2010.


Måtte berre vise denne praktiske sjal-katten!!











Beklager dei mange utydelige bilda, men medlemmane er så aktive.........





























Siv viste enkel og rask sying av forkle av koppehandkle.