tirsdag 25. januar 2011

Snart februar og klubbmøte!

(bildet er frå internett )

Det nærmar seg februar og nytt klubbmøte, berre ei veke att. Noko anna som også nærmar seg, er vår neste store høgtid. No er det rett nok i slutten av april påska kjem, men skal vi lage noko, så må vi òg byrje i tide. Som de ser så kikkar påskeharen inn på bloggen så vidt, og då passar det å komme med litt info om aktiviteten på neste møte.

Vi skal ha eit tema som går over 2 møter, februar og mars. Torunn vil vise ein modell etter eit mønster som vi skal jobbe med som basis. I arbeidet med denne modellen vil vi demonstrere ulike teknikkar innan applikasjon og quilting. Mange av medlemmane våre har lang erfaring, men her tenkjer vi spesielt på våre nyaste medlemmer, og vi vil gjerne dele våre erfaringar med dei. Og sjølv om mange kan det meste, er det nok alltid små tips å hente for dei òg.

Fakta om neste møte:

  • Du vil få eit mønster
  • Det blir vist ulike teknikkar innan applikasjon.

Ta med deg:

  • Eit lyst stoff til botnstoff, ca 30 x 40 cm
  • Vårlege stoff, evt. pasteller, her treng du berre små bitar.
  • Frysepapir (om du ikkje har, så får du på møtet)
  • Du kan òg få bruk for vlisofix og vatt H630
  • Sysaker til handsaum
  • Blyant, papirsaks

Minner også om at vi på forige møte vart enige om å ha ei lita veskeutstilling i tillegg til "Vis og fortel". Dei som vil, tek då med seg 2 vesker som dei synest om. Om du har laga den sjølv eller fått/kjøpt den, så er det heilt ok også.

Ingen kommentarer: