Dette er begge sidene av Reidun si veske, så flott resultat av dongery som truleg hadde blitt kasta!!
8. og 9. mars arrangerte klubben Dongeryveskekurs med Liv Ingun Holvik frå Sandane. Påmeldinga til kurset var enorm, for om lag halve klubben ville gå på dette kurset. Dette førte til at vi måtte dele gruppa i to, så om ei veke vert det kurs nr. 2. I følge kursleiar Ingun er det visst plass til 2 eller 3 til om nokon no vil melde seg på kurset som vert 22. og 23. mars.
Takk til Liv Ingunn for eit flott gjennomført kurs med eit opplegg som kursdeltakarane skrytte veldig av! Så vi andre gledar oss til neste helg!!
Det er ikkje rart ein vil gå på eit slikt kurs, for her er det gjenbruk av slitne eller umoderne bukser (og skjørt!), og til meir effektar det var i buksa, dess finare vart det. Her nemner ein slitasjestriper, pyntesaumar, broderi, lommer i ulike former, naglar, osv. Mykje flotte detaljar å ta vare på berre ein oppdagar dei! Og akkurat dette er Liv Ingun ekspert i. Ho sa at vi ikkje måtte rive opp buksa i forkant pga trådretninga som gjerne går på skrå i eit buksebein, dette kan ødelegge gode stoffdelar. Og ein må sjå godt på kva delar ein vil ha synleg på veska. Det er betre å ha mønsteret til å leggje ut over heile buksa før ein klipper.
....og var det ikkje nok effektar på buksa, så er det berre å tilføye med kjøpepynt!
Primula Design stilte med eit utruleg flott utval av pynt, ringar, lås, knappar, hankar, tråd, .......må berre sjåast, ho har nok meir i butikken!
Metallstjerner, og Strassnaglar!! Flott til dekor på dongery!
Foret i veska er like viktig som utsida, og som de ser, så er veska like fin inni som utanpå.
Det er ikkje nødvendig å sy denne veska i dongery, Laila hadde valt å kjøpe skinnimitasjonstoff hos Primula Design!
Tenk om dette flotte broderiet gjekk i bosset!!!! No lever det vidare på ei flott veske!
Sjå her, desse veskene har fått hjertenaglar! Så flott!
Her er det visst både lomme og linning frå ei anna bukse etter fargen å dømme!