mandag 6. september 2021

Sesongstart!

I morgon tysdag 7.9 ynskjer vi velkommen til sesongens første møte. Og som før vert det på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30.

Endelig seier mange, og vi er glade for at no kan vi samlast att fysisk. Sjølv om vi fremdeles må ha litt restriksjonar under møtet, så skal det gå fint å være i lag.

Vi følgjer vanleg opplegg for kvelden med tema, kaffipause, lotteri og Vis og fortel.

Quiltekafè med inspirasjonstema:

  • Redesign/oppattsying v/Torunn og Synnøve. 
  • Rigmor viser nålepute med mønster frå boka om nåleputer.

 Håpar også at Sybutikken Primula Design vil friste oss med mykje varer og idear frå butikken sin! 

Bildet under her er av eit nydelig teppe som er sydd av Ingun!



Mat/drikke: Alle tek med eigen mat og kaffi/drikke på møtet. 

Smittevern: Alle tek ansvar for seg sjølve vedk. smittevernreglar.    

      Velkommen til alle, og om nokon har lyst til å bli med i klubben, så er det berre å møte opp!