Tysdag 2.april kl 18.30 møtest vi til ein triveleg kveld i lag, og denne gongen skal vi kose oss med å lage fin påskepynt!!
Vi starter opp med stitchery på ansiktet, men ta med deg symaskin for å sy resten. De kan avtale litt med kvarandre om å "dele på maskin", det er ikkje så mange saumar, så det går nok fint.
Her er materialliste:
· Matpapir, - Til å teikne av mønster.
· Rissepapir /overføringspapir/ kalkèrpapir, - til å risse av/ kopiere broderimønster ( auge munn m.m) til linstoffet.
· Lin eller Halvlin 30 cm x heil stoffbredde.
· Bomullstoff 30 cm x heil stoffbredde til fòr,- innside korg.
· Strykeinnlegg, stablisator til bakside lin. Kan evt bruke tynn vatt med lim
2stk. ca. 25cm x 30 cm.
· Ein liten bit vlisofix til nase/ snute, ca. 5cm x 3 cm.
· Broderigarn
· Broderinål
· Saks og evt. skjere utstyr.
· Blyant, pen el.
· Symaskin med sytilbehør, om ein ikkje vil sy ferdig korga heime.
Ein må først brodere og applikere på auge , munn, snute og følehår før ein syr ferdig korga på symaskin.
Som vanleg vert det på møtet:
- Sybutikken Primula Design med fine vårvarer!
- Lotteri
- Vis og fortel
- Kaffipause med noko attåt!
Vel møtt!