mandag 31. desember 2012

Jul hos Quiltekroken




Det er 5. desember og førjulstid i Bergen by. Der er bloggred. denne dagen, men skulle aller helst ha vore heime og vore med på julemøtet i NLQ kvelden før.
 Då er det likevel ei stor trøst å kunne gå inn på butikken Quiltekroken og nyte synet av fine stoff, mange modellar, og den flotte måten denne butikken presenterer sine varer på.  Her finn vi det eg kallar "flotte Stillèben" skapt av stoff, tilbehør, modell og mønster. Det er akkurat dette som inspirerer og får fram "sjela" og egenskapane til kvart stoff og stoffseriar. Må få rette honnør til Mona og Co.  på butikken for dette, fantastisk flott! De som er innom bloggen må nyte bilda av stoffa og modellane, men kikk også på korleis miljøet er rundt!
Dei som har følgt bloggen ei stund, har nok sett mange innlegg frå Quiltekroken. Eg må få takke dei tilsette på butikken for at dei ALLTID seier ja til meg når eg spør om å få ta bilder. Det er mange av medlemmane våre som er innom butikken når dei er på bytur, og då er det kjekt å få vist kva som rører seg "ute i verda" og kva dei kan vente seg ved besøk i butikken. Vil også ta med at det flotte teppet som Haldis viste på julemøtet, var eit abonnement frå denne butikken.
Ynskjer Mona og Co eit Godt Nytt År på butikken, og så får de nok besøk av mange av oss frå Nordfjord!!































søndag 30. desember 2012

Sommarminner

Sist sommar var bloggred. på sommarutstillinga til Kviltsystrarna i Träsløvsläge. Dette er ein liten kystby litt sør for Varberg på vestkysten i Sverige. Det vart laga eit lite innlegg i ferien, det finn du HER, og med lovnad om fleire bilder.
Vil samtidig takke  Kviltsystrarna for at eg fekk ta bilder og ønske dei eit godt nytt quilteår!
Leiar i klubben, Eva Johansson har egen blogg, den finn du HER.
Ho skriv om seg sjølv slik:
 Är ordförande i kviltföreningen , Kviltsystrarna,som är ansluten till Rikstäcket. Dessutom ledare för kviltgruppen , Apelquiltarna!! Älskar att köpa tyg ,tvätta,skära i sönder och sy ihop igen.. Med denna syglädje hoppas jag att kunna smitta av mig till er som är inne och läser på min sida.

Besøk gjerne bloggen hennar og legg at ei helsing!!




































 Dei hadde gjestebok på utstillinga si, sikkert eit fint sommarminne for dei. Denne utstillinga har dei kvar sommar i denne vesle byen, så kanskje det vert fleire besøk der  av medlemmane våre?