søndag 2. desember 2012

Desembermøte!




Det er utruleg nok tid for julemøte i NLQ!! Komande tysdag 4.12 kjem de til julepynta lokale der vi møtest til god mat, mykje prat og kjekt handarbeid! 

Husk å ta med noko til Vis og fortel, spesielt viss de har laga noko fint som de skal gje bort i julegåve! ......for det får vi vel ikkje sjå etter jul? Og kanskje er det nokon som treng tips til å sy noko fint til julegåver, det er enno litt tid att til sying!

Då ynskjer vi alle som har tid, velkomne til eit koseleg julemøte!



Dei to øverste bilda er henta frå søk på Google.

Eit flott Presangteppe til inspirasjon, og  brodert merkelapp men reinsdyrknapp. Desse to bilda er frå bloggen Precious Time, kjekt å finne slike fine tips!


Ingen kommentarer: