Viser innlegg med etiketten Angelina. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Angelina. Vis alle innlegg

onsdag 26. januar 2022

Bilder frå kurs!

 Endeleg fekk vi ha kurset med Siv Smørdal, det kjekke kurset som vi har venta på i over eitt år!

Kurset "Kunstnerisk leik" viste seg å være ein kjekk leik med fargar, materiale og utprøving av idear. Her vart det brukt Tyvek, Angelina, Paintstick, krympestoff og forsvinningsplast. 

Bilder taler for seg sjølv her, dei kosa seg på kurset!!





































mandag 21. januar 2008

Angelina og Tyvek kurs

Sist torsdag var det kveldskurs i quilteklubben vår. Dette var ikkje eit tradisjonelt kurs med lapper og mønster, dette sorterte meir under kategorien Quilt Art.

Kurset var å lære å bruke Tyvek og Angelina i quiltearbeid.

Tyvek er noko som vert m.a brukt til å lage konvoluttar av, eit kunststoff som ein kan skrive/ måle på og som smeltar i varme. Vi brukte metallic-maling på og varma/smelta med strykejern for å få effektane fram.


Dette er Siv sine 2 modellar.





Vi lærte også å lage passepartout av stoff, dette danna ramma rundt det som vi valde ut til motiv.




Litt mat måtte vi ha......


...og litt kvile
Tyvek behandla vi med varme, då krympar det saman. Her er det brukt varmluftspistol, men vi brukte også strykejern.






Kurset var veldig kjekt, fantasien fekk fritt løp, så om det er mange som angrar no at dei ikkje var med, så får vi kanskje lage til fleire slike kurs????

lørdag 8. september 2007

Angelina-kurs på Øyberg seter aug. 07

Helga 24.- 26. august arrangerte vi kurs på Øyberg seter på Strynefjellet. Ei av medlemmene, Eva Hagen har hytte der, 2 andre har campingvogn der, og dermed var det ordna overnattingsplass for alle 11 kursdeltakarane.

Eva






Siv Smørdal var kursholdar, og vi fekk ei fantastisk helg med ny lærdom om bruk av Angelina og Tyvek. Bilda taler for seg sjølve, reine kunstverka vart til her oppe i høgda, ca 800 m. o. h!



Det mangla heller ikkje på god mat, eit koldtbord vi hadde bestilt varte i 2 dagar, og likevel var det mat att!



Og frukosten,....mmmmm, her kan ein forete seg! Med huset fullt av kokkar og hushjelper fekk Eva også tid til å sy og slappe av, men vi vil likevel få takke henne ekstra for all gjestfrihet. Vi hadde det kjempekjekt!

Kursholdar Siv Smørdal






















Her mala vi på Tyvek, denne gongen vart det brukt konvoluttar av tyvek,- enkelt å få tak i!

Vi varma tyveken med varmluftspistol eller strykejern, den krynpa og bobla seg!




La delar av tyveken mellom tyll, i lag med både angelina, tråd og anna vi fann på, og sydde i veg!



Vi laga bokomslag av tyvekproduktet, i tillegg krympa ein stoff til bakside (har ikkje bilde av den desverre), i mangel på krympestoff viste Siv at ein kan få det til ved bruk av Cellofan som vart sydd til stoffet og krympa med varme!


Legg merke til "pynten" på snøret, det er tyvek snurra rundt ein pinne og smelta med varmluftspistolen!
Ingenting er umulig lenger!! Mange tusen takk til Siv for ei opplevelses-helg!!