lørdag 8. september 2007

Angelina-kurs på Øyberg seter aug. 07

Helga 24.- 26. august arrangerte vi kurs på Øyberg seter på Strynefjellet. Ei av medlemmene, Eva Hagen har hytte der, 2 andre har campingvogn der, og dermed var det ordna overnattingsplass for alle 11 kursdeltakarane.

Eva






Siv Smørdal var kursholdar, og vi fekk ei fantastisk helg med ny lærdom om bruk av Angelina og Tyvek. Bilda taler for seg sjølve, reine kunstverka vart til her oppe i høgda, ca 800 m. o. h!



Det mangla heller ikkje på god mat, eit koldtbord vi hadde bestilt varte i 2 dagar, og likevel var det mat att!



Og frukosten,....mmmmm, her kan ein forete seg! Med huset fullt av kokkar og hushjelper fekk Eva også tid til å sy og slappe av, men vi vil likevel få takke henne ekstra for all gjestfrihet. Vi hadde det kjempekjekt!

Kursholdar Siv Smørdal






















Her mala vi på Tyvek, denne gongen vart det brukt konvoluttar av tyvek,- enkelt å få tak i!

Vi varma tyveken med varmluftspistol eller strykejern, den krynpa og bobla seg!




La delar av tyveken mellom tyll, i lag med både angelina, tråd og anna vi fann på, og sydde i veg!



Vi laga bokomslag av tyvekproduktet, i tillegg krympa ein stoff til bakside (har ikkje bilde av den desverre), i mangel på krympestoff viste Siv at ein kan få det til ved bruk av Cellofan som vart sydd til stoffet og krympa med varme!


Legg merke til "pynten" på snøret, det er tyvek snurra rundt ein pinne og smelta med varmluftspistolen!
Ingenting er umulig lenger!! Mange tusen takk til Siv for ei opplevelses-helg!!



2 kommentarer:

TIRIL SOL sa...

Her hadde vi det trivelig og det fristar absolutt til gjentagelse. Ei kjekk helg med mange fine arbeid.

Anonym sa...

Mye nytt å spennende dere har laget, såg en del av det på sisste quiltemøte. Kjekt at de hadde en trivelig tur! Får håpe at det blir en ny anledning senere, da vil jeg håpe at det klaffer for meg å være med.Hilsen Signy-Alise.