mandag 27. august 2018

Ei flott syhelg er over!!

Kjekke ting går altfor fort, det gjorde syhelga vår også!



Vi kosa oss kvart minutt av helga, både i alle våre hytter, hotellrom og campingvogner/bobilar, og i lokala på Øyberg seter. Vi sydde både før mat og etter mat, ja nokre sydde laurdagskvelden til den nesten var slutt! Alt det kjekke sosiale vi har i lag når vi samlast er berre utruleg kjekt, og vi snakka om "neste gong",....ja så kjekt hadde vi det at dette ville vi ha meir av!


Når vi no endeleg var tilbake her på Øyberg, ja så måtte underteikna til å mimre litt på bloggen, for var det ikkje i 2007 vi var på Øyberg sist?? Ganske riktig, bloggen vår vart oppretta i 2007 og det 10. innlegget var akkurat om kurset vi hadde på Øyberg ved Siv Smørdal! Så gode minner og gode erfaringar frå den gongen, gjorde at vi no tok turen igjen! 


HER finn du innlegget frå 2007!

Tema for kurset denne gongen var lære litt om å sy kurver med den minste Curveslinjalen. Ingun hadde laga fleire modellar, vi sydde litt forskjellig og Ingun gav råd ut frå eigne erfaringar med linjalen. Nye utfordringar kom, og løysingar vart funne. Kjekt med slike kurs!!

Her er ein bildeserie frå helga:



 Fuglar under arbeid!

Modellen til venstre har kursleiar Ingun laga.







....og ein sydde på andre ting også, fin kuvertbrikke her!



 Her er litt bilder av korleis delane til solsikke vart kutta.

 Sjå den stipla linja ytterst på sidene, og plassering av buen, klart for skjæring her!!








 Reinskjæring!




 Inguns modell over og under! Mange laga den under også, flott effekt med mange stoff!


Andre buar vart også prøvd ut, skal bli spennande å sjå dette resultatet!








Vi hadde utruleg god mat som vanleg,...korgafest gjev alltid flott resultat, sjå bilda under!




Så kom laurdagskvelden!
Då skulle vi ha festmat, og vi hadde bestilt koldtbord hos Mogard på Bismo. Eit slikt flott koldtbord har vi ikkje hatt nokon gong før, her var det lokal mat av elg,  Mogards pølser og skinke av utegåande gris, salater og lokalt brød! Og i store mengder! Vi som var så mette av vår eigen lunsj, sette oss til bords og hadde eit festmåltid. Denne leverandøren kan berre anbefalast på det sterkaste!




Ei så flott helg med kjekk hobby inne og nydelig natur ute, ja den lever vi på lenge!
Takk til alle som var der og gjorde helga til ei alle tiders oppleving!

......og slik var søndagsmorgonen  på ei av hyttene før kurset starta!

-Mariann-

torsdag 23. august 2018

No blir det syhelg i fjellheimen!!

Det er like før avreise til syhelga vår på Strynefjellet, vi pakker med oss alt vi treng og litt til!! Det blir nok både stoff og god mat som kjem i bagasjen vår!!


Køyr pent!

Dette skal bli ei kjekk helg! Ei syhelg på Øyberg seter i lag med syvenner, god mat og god prat! Kan det bli betre??


Her er du snart framme, Øyberg seter ligg rett ned den lange bakken!

Litt info om programmet for helga :

Laurdag 25.8:
  • 10.00 : Dørene opnar og vi kan installere oss i kurslokalet. Ta med deg skøyteledning/kabeltrommel om du har.
  • 10.00-11.00: Vi lagar oss ein kaffetår og noko lite attåt før kursstart!
  • 11.00: Info og kursstart v/Ingun Vaksdal, "Curveslinjal", stor og liten.
  • 13.00-14.00: Lunsj
  • 14.00-16.00: Kurset fortset
  • 17.00: Opprydding og vi gjer klar til koldtbord.
  • 18.00: Fellesmåltid med koldtbord. Vi fortset kvelden så lenge ein ynskjer før ein trekkjer seg tilbake til hotell, hytter, bobiler og campingvogner! 
Søndag 26.8:
  • 10.30-13.30: Kurset fortset
  • ca 12.00 treng vi vel litt kaffi???
  • 13.30-14.00 Opprydding av lokalet
  • 14.00: Lunsj med restefest av kaker!!
  • Heimreise når vi er klare for det, gode og mette og klare for å sy meir heime!!
Husk å betale egenandel før du reiser! Alle må òg ta med drikke til eige bruk!! :)

Velkommen til alle 17 medlemmer som no vil få ei flott helg i høgfjellet!

torsdag 9. august 2018

På quilteutstilling i Sverige!

Når underteikna er på ferie i Sverige, så er eitt av måla å sjå om det finst utstillingar i området! Etter fleire år som turist i Halland sør i Sverige, så har eg etter kvart lært at siste veka i juli, v. 30, er det fast utstilling i quilteklubben "Kviltsystrarna" i Varberg.

Klubben er ikkje så stor, men dette ser ut til å være ein aktiv og kreativ gjeng. Det er ikkje så rart når ein veit kven som er leiar i klubben,...Eva med bloggen Bambi syr med sin quiltgladje! Mange av våre medlemmer har nok vore innom bloggen hennar og kanskje sydd av mønster ho har lagt ut.



Dette året hadde dei utstilling i lokala til Bjørnhults golfklubb  i Falkenberg(....nesten slikt område som rundt vårt møtelokale på Stokkenes!! ), dette lokalet låg berre et par km unna campingplassen der vi budde!! Og utstillinga nådde eg akkurat, kom til området siste dagen av utstillinga!!

Kvart år har dei eit tema for utstillinga, i år var det "Randigt, rutigt och blommigt"!

Eg har vore på deira utstilling fleire gongar, ja så mange gongar at dei kjenner meg att og ønsker meg velkommen! "Er det du från Nårrje???" spør dei når eg helser på og begynner å snakke!! Det er veldig kjekt å bli så godt motteken, kjenner seg nesten heime her når ein treff igjen quiltevenner! Eg spør alltid om å få ta bilder, og det får eg lov til! Tida går når ein både skal sjå og prate, og vi deler erfaringer og tips!!
 Helena og Viveca
Inga Lill, Mariann og Helena

Takk til damene Helena og Viveca som tok imot meg, og jammen så kom Inga Lill på slutten også, så kjekt å treffe alle kjende!!

Det vart mange bilder frå utstillinga, så kos dåkke med mange flotte quiltearbeid!









 Her er det brukt linjalen Crazy curves, 7" og 3,5", eit nydelig sengeteppe sydd av Viveca!



















































 Det var også flott utsikt ut til den store golfbana, og som de ser så er den brun av tørke mange plassar!!


 Ei stor og flat golfbane omkranser huset der utstillinga var!

































Tusen takk for meg, så kjekt å få besøke utstillinga til desse flinke damene! Så eit tips til ferierande neste år, i v.30 har dei utstilling igjen, i området mellom Varberg og Falkenberg!!!

Helsing frå Mariann