Klubben er ikkje så stor, men dette ser ut til å være ein aktiv og kreativ gjeng. Det er ikkje så rart når ein veit kven som er leiar i klubben,...Eva med bloggen Bambi syr med sin quiltgladje! Mange av våre medlemmer har nok vore innom bloggen hennar og kanskje sydd av mønster ho har lagt ut.
Dette året hadde dei utstilling i lokala til Bjørnhults golfklubb i Falkenberg(....nesten slikt område som rundt vårt møtelokale på Stokkenes!! ), dette lokalet låg berre et par km unna campingplassen der vi budde!! Og utstillinga nådde eg akkurat, kom til området siste dagen av utstillinga!!
Kvart år har dei eit tema for utstillinga, i år var det "Randigt, rutigt och blommigt"!
Eg har vore på deira utstilling fleire gongar, ja så mange gongar at dei kjenner meg att og ønsker meg velkommen! "Er det du från Nårrje???" spør dei når eg helser på og begynner å snakke!! Det er veldig kjekt å bli så godt motteken, kjenner seg nesten heime her når ein treff igjen quiltevenner! Eg spør alltid om å få ta bilder, og det får eg lov til! Tida går når ein både skal sjå og prate, og vi deler erfaringer og tips!!
Helena og Viveca
Inga Lill, Mariann og Helena
Takk til damene Helena og Viveca som tok imot meg, og jammen så kom Inga Lill på slutten også, så kjekt å treffe alle kjende!!
Det vart mange bilder frå utstillinga, så kos dåkke med mange flotte quiltearbeid!
Det var også flott utsikt ut til den store golfbana, og som de ser så er den brun av tørke mange plassar!!
Ei stor og flat golfbane omkranser huset der utstillinga var!
Tusen takk for meg, så kjekt å få besøke utstillinga til desse flinke damene! Så eit tips til ferierande neste år, i v.30 har dei utstilling igjen, i området mellom Varberg og Falkenberg!!!
Helsing frå Mariann
2 kommentarer:
Mykje flott !! Heldig som kommer over slike utstillinger, og takk for du deler :-))
Tusen tack själv Marianne!!! Vilka bilder du tagit på våran utställning !! Fantastiskt!! Kram från Eva-Bambi och hennes SYstrar!!❤️
Legg inn en kommentar