Viser innlegg med etiketten Kurs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kurs. Vis alle innlegg

søndag 15. mars 2026

Årsmøtekurs med to ulike linjalar!

Vi brukar å samle åsmøte og kurs til ei helg i mars, og vi har siste åra valt å bruke erfarne medlemmar til å ha kurs som medlemmane har hatt ynskje om.

I år var det Siv Englund Smørdal og Ingun Vaksdal som tok føre seg kvar sin linjal laurdag og søndag.

Laurdag hadde vi X-block linjalen ved Siv. Ho hadde med eit par modellar som inspirasjon, men elles fekk ein velge modell ut frå boka som høyrer til linjalen. Det er alltid kjekt å både repetere og å lære noko nytt. Vi fekk komme godt i gang før det plutselig vart eit stort straumbrot på nordvestlandet, så det førte til at det vart eit svært amputert kurs. .....Og ingen hadde sveivemaskin!!! Men vi tek det att på eit medlemsmøte.

Siv sine modellar.










Søndag hadde vi kurs ved Ingun Vaksdal med linjalen Lazy Angle. Her hadde vi eit litt lenger kurs og heldigvis utan straumbrot, så etter kvart dukka det opp mange fine blokker med variert motiv.













Eit teppe som var sydd sist vi hadde denne linjalen på kurs.



Ingun sine blokker til inspirasjon.







Sybutikken Primula Design stilte som vanleg med aktuelle varer !



lørdag 4. oktober 2025

Lærerikt kurs med Mona Rosvold!

 Helga 19.-21. september hadde vi linjalkurset Posh Penelope med Mona Rosvold. 

Når ein går på kurs med slike erfarne kursholdarar som Mona, ja då får ein både i pose og sekk. Med eit profesjonelt kursopplegg som var tydeleg både i kompendie og i praksis, så klarer alle påmelde å mestre både kutting med linjalen og å sy fine buer. 

I tillegg fekk vi høve til å kjøpe/lage vårt eige designbrett på ein enkel måte, og Mona hadde med aktuelt utstyr for salg om vi kom til å mangle noko. Ho har svært god erfaring med symaskiner og utstyr, spesielt Pfaff, og kunne dele si erfaring med mange av oss. Så tusen takk til Mona for eit lærerikt kurs!

Litt bilder frå kurshelga, her er bilder av Mona sine modellar og våre blokker både under arbeid og som ferdig blokk. Nokre skulle sy løpar, andre puter. Bildet rett under her er ei samling av alle sine blokker.




Mona sine modellar der ho har brukt ulike linjalar. Denne rett under her er laga med same linjal som Posh Penelope.







Her er Stripologylinjalen brukt, dette var ikkje del av vårt kurs.



Sydd med Mini curve ruler








Mange flotte blokker vart laga denne helga, kjekt å sjå same blokk i ulike fargar!












 






Og sjølvsagt god mat på kursa våre!!!