Viser innlegg med etiketten Primula Design. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Primula Design. Vis alle innlegg

lørdag 28. februar 2026

Nærbutikken vår fornyer seg!!

 Vår trufaste nærbutikk med all slags godsaker innan stoff og utstyr, Sybutikken Primula Design, fornyer seg igjen! Og vi både gratulerer og jublar, for no kan vi fortsetje med lokal handel og samtidig få gode råd til både fargeval og teknikkar!


Når huseigar skal renovere heile det vesle huset der butikken har vore i mange år, så var spørsmålet "Kva skjer med butikken no"?? Men butikkeigar Ingun som har levd heile livet sitt bak ein butikkdisk, gjev ikkje opp! Så ved hjelp av ein flott dugnadsgjeng, så har no butikken flytta 50 m nordover gata og er no komen inn i lyse og moderne lokale.

Du finn no butikken i første etasje i Moengården aust, som også  er ein del av Alti, der du finn både dyrebutikk, internasjonal butikk og Cats kafe. Det er inngang både frå hovedinngang på vestsida og gjennom ein inngang til senteret frå gata.

Butikken held framleis på med å installere seg i lokalet, men er open som vanleg. Ingun seier at det skal bli ei større markering av opninga seinare, så her må vi følge med på sida til butikken!

Litt bilder frå butikken knipsa i går!


....og vårfargane har komt på plass!






Her skal det også bli plass til syaktivitet for fleire,.....vi gleder oss til denne nye møteplassen!!




fredag 29. desember 2017

Julestemning hos Sybutikken Primula Design!

Det er kanskje litt seint å friste med julestemning no når vi går mot nyttår, men om du går i butikken til Primula Design no, så ser det nok framleis slik ut.

Der er mange fine modellar av "juleting", så kanskje du allereie no bør starte sying av neste års julegåver??

I tillegg så er det kanskje mange gode tilbod der akkurat no??

Nyt synet!

















lørdag 18. juli 2015

Primula Design er i Malakoff-modus!

Denne helga er det Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid med mange tusen tilreisande. I eit hjørne utanfor butikken til Primula Design har det i mange år vore ein populær "Klemmekrok". No har Ingun pynta kroken ekstra fint med lappeteppe og store raude hjerter! Forbipasserande ser dette sjarmerande hjørnet og set seg der for å bli fotografert!


Utanfor butikken er det fristande varer, og inne bugnar det av flotte stoff og modellar i fin blanding med interiørartiklar. Ta gjerne turen innom, der er alltid gode kjøp!!



...og festen etter stengetid såg ut til å være fortreffeleg, men kor mange quiltarar som er i dette publikummet, er ikkje godt å vite! Dei kan iallefall komme igjen til "Klemmekroken" i dag også og få eit minnerikt festivalbilde!