lørdag 28. februar 2026

Nærbutikken vår fornyer seg!!

 Vår trufaste nærbutikk med all slags godsaker innan stoff og utstyr, Sybutikken Primula Design, fornyer seg igjen! Og vi både gratulerer og jublar, for no kan vi fortsetje med lokal handel og samtidig få gode råd til både fargeval og teknikkar!


Når huseigar skal renovere heile det vesle huset der butikken har vore i mange år huset, så var spørsmålet "Kva skjer med butikken no"?? Men butikkeigar Ingun som har levd heile livet sitt bak ein butikkdisk, gjev ikkje opp! Så ved hjelp av ein flott dugnadsgjeng, så har no butikken flytta 50 m nordover gata og er no komen inn i lyse og moderne lokale.

Du finn no butikken i første etasje i Moengården aust, som også  er ein del av Alti, der du finn både dyrebutikk, internasjonal butikk og Cats kafe. Det er inngang både frå hovedinngang på vestsida og gjennom ein inngang til senteret frå gata.

Butikken held framleis på med å installere seg i lokalet, men er open som vanleg. Ingun seier at det skal bli ei større markering av opninga seinare, så her må vi følge med på sida til butikken!

Litt bilder frå butikken knipsa i går!


....og vårfargane har komt på plass!






Her skal det også bli plass til syaktivitet for fleire,.....vi gleder oss til denne nye møteplassen!!




Ingen kommentarer: