Vi er komne til februar allereie, og vi møtast att tysdag 3.2 kl 18.30-21.30 på Stokkenes gjestegard.
Vi legg opp til ein litt vårleg aktivitet på møtet,.....vi skal lage SMÅFUGLAR!
Til aktiviteten treng du å ha med deg:
- Stoffrester i ulike farger
- Tynne silkeband eller hampetråd til bein og stjert
- Perle til auge
- Tynn vatt
- Tynn kartong (vi har nokre pizzaøskjer på Stokkenes om du ikkje har)
- Blyant
- Papirsaks
- Limstift
- Synål og tråd
- Små klyper om du har
Vi har mal til fuglane på bildet, men oppfordrar dåkke til å ta med andre modellar om de har.
- Elles vert det påmelding til årsmøtekursa 7.-8. mars. Kursa har fleire tema, Siv viser X-blokk og Ingun Lazy Angle.
På møtet tysdag vil Ingun vise mulighetene med blokka Lazy Angle, ho har med papir og vi kan leike oss med fargar. Ta med papirsaks og limstift til dette.
Elles vert det vanleg innhold på møtet som:
- Info frå styret
- Vis og fortel
- Lotteri
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar