søndag 30. april 2017

Maimøte!

Då er det tid for å ynskje velkommen til maimøtet! Tid og stad er som før, og er du i tvil, så står det på høgresida her på bloggen!!!

Tema for dette møtet er del 2 av Mexikansk bretteteknikk. Grete vil no lære oss samansying av remser slik at det kan bli noko brukandes av alle papirbitane vi har bretta!
For at dette skal skje, så er det noko du må førebu:

  • Du må ha bretta ferdige remser heime så du er klar til å sy sammen. Remsene bør være så lange at dei har 18 spissar, og om du rekk det, så bør du lage 5 slike lange remser!

  • Ta med deg:
  • Ein pinsett, den bør være litt stor om du har.
  • Sterk sytråd, td. knappholstråd, dmc o.l.
  • Kraftig nål, td ryenål,...treng ikkje å være sylskarp!
  • Eit plastlok, td lok frå peparkakeboks eller isboks, av denne skal vi lage nål!
  • Holmaskin
  • Saks til å klippe i plasten med.
  • Eit glidelås på 25 cm.

Til dei som ikkje var på forige møte: du skal få lære teknikken! Sjå på innlegget om aprilmøtet, så ser du kva du må ha med deg.

Av anna program vert det:
  • Påmelding til blåtur 6.6
  • Informasjon om Regionstreffet 2018
  • Lotteri
  • Kaffipause (husk 10 kr til kaffipengar)
  • Vis og fortel
  • Primula Design er der med fristande vårnyheter frå butikken!
Til slutt ei oppfordring til "Vis og fortel":
Dersom nokon har laga/har liggjande 17.mai-duk/løpar/pynt, så hadde det vore fint å få sjå det!!
Dette bildet er av ein løpar frå sida til Tove Fevang  frå mai 2011 med denne teksten:

Denne ukens Familien nr. 10 med "17. mai er vi så gla´ i..." Sy løper, veggteppe og duk til 17. mai festen.

fredag 28. april 2017

Regionstreff våren 2018!

Vi har teke på oss å arrangere Regionstreff neste år, datoen er 8.4! Staden vert Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid.

Dette treffet er eit årleg treff som vert arrangert av quiltelag i Sogn og Fjordane, og alle lag kan søkje om å få arrangere. I år var det desverre ikkje noko lag som har teke på seg arrangementet, dette synest vi er litt trist, difor bestemte vi oss for at neste år SKAL det bli!! 

Vi er tidleg ute med infoen no, men vi vil gjerne dele dette med dykk så de har eit arrangement i vår region å gle dykk til. Dette er ein flott møtestad for alle som er interesserte i quilting, her er det rom for alle innan både tradisjonell lappeteknikk og friare former innan art-quilt.

Det er utstilling av quiltearbeid på kvart treff, så om du har noko du er i gang med, så rekk du å bli ferdig til neste vår! Alle kan melde inn quiltearbeid til utstillinga!

Vi kjem tilbake med meir info når det nærmar seg. Det er ogå mogleg at oppdateringar vert lagt inn på dette innlegget seinare.

Arrangementet er eit ope arrangement for alle, både frå vårt fylke og elles, men det vil være påmelding til måltid og foredrag. Dette kjem vi tilbake til seinare.

I 2014 arrangerte vi også Regionstreff i Operahuset, HER kjem du til innlegget frå treffet.

mandag 10. april 2017

Påsketips frå Ullas Quilt World

På bloggen til Ullas Quilt World ligg det mønster til denne vesle påskehøna.



Den er sydd som ein liten pose med snøring nede og kan brukast til både eggevarmar og til å ha "påskesnop" inni! Fint som ei lita gåve til nokon små eller store.....





torsdag 6. april 2017

Bilder frå aprilmøtet

Aprilmøtet vart eit møte med flott påskepynt som utstilling! Takk til alle dei som bidrog med denne flotte vårlege utstillingar i gule, grøne og andre lyse og lette fargar!


 Her er det mange ulike teknikkar samla, og det som var utstilt var til flott inspirasjon!







Temaet denne gongen var Mexikansk bretteteknikk, og Grete M viste oss steg for steg korleis ho bretta  dei plastlagde papirbitane. For dei som ikkje huska måla, så var dei 7 x 15 cm!

Her er lange remser klare for samansying for hand! (Det skal vi gjere neste gong på maimøtet!)



 Små vesker som ein kan sy glidelås i, ...for hand!!
(Dette må då være ein perfekt aktivitet i påska for her treng du ikkje symaskin eller stoff, berre mange fargerike papirbitar!!)

 ....og dei er like fine på innsida som på utsida!

 Donald pocketbøker er heilt perfekte til slikt, passe tynne og fargerike! Men vær forsiktig med å ta desse bøkene om du har ein Donald-lesar i huset!!  :)

Vigdis Hovden Månsson hadde kurs i denne teknikken då vi arrangerte Vestlandstreff i 2015, HER finn du innlegg om det kurset. Vigdis har også gitt ut eit hefte der ho lærer frå seg alt om denne teknikken! Flott bok!




Når du har bretta bitane, så kan du enten bruke klemmer for å holde dei på plass, eller lage deg eit slikt samlebrett som du ser under her. Det er heimelaga etter tips frå boka til vigdis.






Vårlege stoff var for sal i butikken til Primula Design.

Bilder frå "Vis og fortel".


 Desse flotte arbeida er sydd av eit "panel" med ulike motiv, dette vart eit flott sett med både puter, brikker og duk/veggteppe.

 Julekalender med mønster frå "Jul med Tildas venner".
 Frå Bargellokurset v/Synneøve.


 Flotte kuvertbrikker, og under her er det ei påskebrikke som ikkje treng å være gul!!

 Meshwork!!
 Eit ferdig teppe etter kurset med Helle Løwenskiold, "Bladteppe".
 Ein flott løpar som skal bli 50-årsgåve!

 PåskeMugRug med hønemotiv av Anne Beier Finnestad.
 Truseposer!

 Løpar/veggteppe med mønster frå MyQuilt 1/17.


 "Bladteppe", i lyse og lette fargar.

Sjå også tips til oppheng med hjørner og kanal til å ha ei rett "Stang" i. Ein kanal nede vil også gjere at det heng fint på veggen.


 Ulike "påskefuglar"!!

 Bargello og Meshwork.



 Lite "Bladteppe" frå urset med Helle L.
 ....litt lurt å begynne på juleløpar tidleg!!

 Teppe med mange, mange blomster!! Blomster er applikert med maskin, mens ruter er sydde for hand, nydelig arbeid!


Medlem Tove J. kom med ein overraskande invitasjon til sommaren. Ho har på eige initiativ leigt og lagt opp program til 3 veker (!!!!) med sying på Fjellsetra på Sunnmøre. Om du vil vite meir om dette, så har ho lagt ut all info på ei Facebookside.  HER er link! Sida er lukka, men ho seier at alle som vil sjå meir, slepp inn på sida!!

 Det vert også høve til kurs om mange nok ynskjer det, så les meir på sida og kontakt evt. Tove for meir info!!



Ho treng eit visst antal påmelde til desse vekene, det er allereie ein del påmelde, og det er ope for alle quiltarar uansett kvar dei kjem frå!!



Takk til matvertane for god kaffimat i pausen, sjokoladekaka kom visst ikkje med på bildet, men som vanleg hadde vi rikeleg  å velje mellom!