Viser innlegg med etiketten foredrag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten foredrag. Vis alle innlegg

søndag 27. oktober 2024

Synnøve Oddny har fullført kursleiarutdanning!!

Medlem Synnøve Oddny Torheim  (SyOddny) har delteke i NQF si utdanning for kursleiarar, og nyleg har ho bestått siste eksamen.

På siste klubbmøte hadde ho med mange av oppgåvene som ho har jobba med gjennom siste året, og ho viste store bredde i teknikkar, fargar og kreativitet. Og ikkje minst kvalitet over jobben ho har gjort, det var mykje flott å sjå!

Følg gjerne med på sida hennar, for det vil nok komme meir om både oppgåvene og sjølve utdanninga der.























Denne blokka har Synnøve designa.







8 like store blokker som viser ulike lukkekantar.




Takk til Synnøve Oddny for eit interessant foredrag rundt oppgåvene og alle dei ulike teknikkane som er brukt i arbeida!

lørdag 18. november 2017

Ein fredagskveld med Grete!!

Vi har hatt ein flott inspirasjonskveld med foredrag av Grete Gulliksen Moe! Her var det mange gode tips å få om både sying, fargar, stoffkvalitetar og gjenbruk!

Ho tok føre seg modellar frå dei to siste bøkene samtidig som ho viste fram bøkene. Veldig kjekt å få konkrete modellar knytt til mønster og idear i bøkene, samtidig som vi fekk historier rundt mange av modellane. Her var det både familiehistorier, opplevingar og erfaringar frå reiser i utlandet. Takk til Grete for ein flott kveld, anbefales til andre quiltelag!!

Bilda under er av nokre av modellane ho viste.


 Grete fortalde at ho likar det enkle, kvifor ikkje hente motiv til stitchery frå "dei nære"?? Slike barnetegningar frå td. barnebarn er då mykje meir verdifullt enn kjøpte ameriaknske mønster!!











Eitt av teppa som vart sydd av ca 10 gamle skjorter kjøpt på loppemarked!! Ho tipsa også om "putetepper" der det var sydd ei lomme på baksida,....brettar ein i hop teppet og puttar det i lomma, så blir det ei pute!! Smart!







søndag 5. november 2017

Invitasjon til foredrag ved Grete Gulliksen Moe!

Fredag 17.11 får vi besøk av Grete Gulliksen Moe med
 foredrag på Stokkenes Gjestegard kl 18.30!

Det er ikkje påmelding til foredraget, inngangspengar er kr 100 inkludert lett servering. Kun kontant betaling!

Vi inviterer ALLE som er interesserte i å sy til å komme og høyre på henne! Invitasjonen går ut til privatpersonar, husflidslag og quiltelag, ja til alle som tykkjer det er kjekt å sy! ( du treng ikkje å være medlem nokon plass for å komme!!)


"Kult å sy", er tittelen på nyaste boka til Grete, og ho vil ta føre seg sying av alt frå småting, bruksting, kle og quiltar!

Ho har halde foredrag fleire plassar rundt om i landet i det siste, med god omtale i etterkant! Ho er utdanna formingslærar, er tekstildesigner og driv no eige firma, Tekstildesign. Ho har gitt ut 19 bøker innan faget tekstil, så det er nok mange av oss som har ei eller fleire av bøkene hennar i bokhylla!

HER kan du sjå litt frå nokre av bøkene hennar!


Etter foredraget vil ho selje og signere bøker, og har du ei gammal bok som du vil ha signatur i, så berre ta den med!!

Klubben vår skal ha henne som kursholdar denne helga, 18. og 19.11, vi har nokre få ledige plassar att, så ta kontakt med kursleiar om du vil melde deg på no!

Velkomne til alle!

onsdag 4. oktober 2017

Siste nytt!




Siste nytt: Foredrag med Grete Gulliksen Moe 17.11!
I går hadde vi møte i klubben vår, der var det info om at vi får besøk av Grete, med både foredrag og kurs helga 17.-19.11.
Vi kjem til å annonsere med meir info seinare, men vi kjem til å ha OPE FOREDRAG fredag 17.11 kl 18.30! Då er det høve for andre enn våre medlemmer å være til stades! Det vert påmelding pga servering., men som nemnt over her så kjem her meir info seinare.
Tenkte at nokre kunne få begynne å glede seg litt allereie no og kanskje setje av kvelden.....

torsdag 1. mai 2014

Foredrag ved Kari Rindal Eide





Foredraget under Regionstreffet var ved Kari Rindal Eide frå Sandane og Gloppen Lappe- og Quilteklubb. Ho presenterte eit flott foredrag med tittelen "Farger og flater" der ho fortalde om korleis fargar i naturen inspirerer henne til fargavala i quiltar. Ho viste oss bilder både frå Våtedalen og Hellas og tepper som var laga ut frå fargane ho såg der.


Kari og leiar Anne Marie!
 Ein fullsett kinosal fekk ei flott fargeoppleving av store bilder vist på kinolerretet!

 Flott song og musikk, først og på slutten av foredraget, den eine songen var ein "Lappesong"!


 Bilde frå Våtedalen.

 Dette teppet har fargar og kvasse spissar inspirert av naturen i Våtedalen!





 Hellas!


Teppe inspirert av dei greske fargane!