søndag 5. november 2017

Invitasjon til foredrag ved Grete Gulliksen Moe!

Fredag 17.11 får vi besøk av Grete Gulliksen Moe med
 foredrag på Stokkenes Gjestegard kl 18.30!

Det er ikkje påmelding til foredraget, inngangspengar er kr 100 inkludert lett servering. Kun kontant betaling!

Vi inviterer ALLE som er interesserte i å sy til å komme og høyre på henne! Invitasjonen går ut til privatpersonar, husflidslag og quiltelag, ja til alle som tykkjer det er kjekt å sy! ( du treng ikkje å være medlem nokon plass for å komme!!)


"Kult å sy", er tittelen på nyaste boka til Grete, og ho vil ta føre seg sying av alt frå småting, bruksting, kle og quiltar!

Ho har halde foredrag fleire plassar rundt om i landet i det siste, med god omtale i etterkant! Ho er utdanna formingslærar, er tekstildesigner og driv no eige firma, Tekstildesign. Ho har gitt ut 19 bøker innan faget tekstil, så det er nok mange av oss som har ei eller fleire av bøkene hennar i bokhylla!

HER kan du sjå litt frå nokre av bøkene hennar!


Etter foredraget vil ho selje og signere bøker, og har du ei gammal bok som du vil ha signatur i, så berre ta den med!!

Klubben vår skal ha henne som kursholdar denne helga, 18. og 19.11, vi har nokre få ledige plassar att, så ta kontakt med kursleiar om du vil melde deg på no!

Velkomne til alle!

Ingen kommentarer: