søndag 5. november 2017

Bilder frå kurset "Kaleidoskop".

I slutten av oktober arrangerte vi eit 1-dagskurs i temaet "Kaleidoskop".



Då innleigd kursholder Randi Røys desverre måtte melde forfall, så stilte Ingun Vaksdal opp og gav oss eit flott kurs med god innføring i både bruk av spesiallinjal og andre linjalar som kan gje same effekt i det ferdige arbeidet.

For å få fram den spesielle Kaleidoskop-forma, så gjeld det å plassere fargar på rett plass. Vi brukte ark med "kaleidoskopmalen" på til å fargelegge, slik kunne vi lage ei plan for plassering av fargane,....for det er dette som kan være det vanskelegaste!

Grunnforma består av kvadrat som du ser på bildet under, ei blokk med bakgrunnsfarge og deretter er det val av fargar som gjev ulike effekter!

Om du vil prøve deg med fargelegging, så finn du mønsterark HER.













Det er ikkje så mykje ein rekk på eit 1-dagskurs, men vi fekk begynt på forma, kva det blir til, får vi vente og sjå til nokon tek med seg på "Vis og fortel". Men vi anar at her vil det bli både puter, tepper og løparar!

Stor takk til Ingun som på kort varsel stilte som kursholder!!

Ingen kommentarer: