søndag 5. november 2017

Velkommen til novembermøtet!

Tida går fort no når dagane vert kortare.....og novembermøtet er om få dagar!


7. november  kl 18.30-21.30 er det tid for eit særdeles kjekt møte med både gjerster og spennande aktivitetar!!! Vi har mykje på programmet, så velkommen til både nye og "gamle" medlemmer!

Om du er ein av dei som lurer litt på kva vi gjer i klubben vår, så ta turen innom og vær i lag med oss, døra er open for alle!

Bilde frå "Fantasi"

Vi nemner kort kveldens høgdepunkt:

  • Besøk av butikken "Fantasi" på Sandane
  • Sybutikken Primula Design har som vanleg "Stand" på møta våre.
  • Eit lite syprosjekt
  • Quiltebingo
  • Lotteri
  • Kaffipause
  • "Vis og fortel"


Som vanleg vil vi ha ein aktivitet på møtet, denne gongen vert det også tema knytt til "Japansk haust".

Vi skal sy oss eit nøkkelhus,....iallefall starte på det!! Bildet under er lånt frå Pinterest, og vi kjem til å lage noko som liknar på dette.


Her får vi brukt mange ulike teknikkar i tillegg til å bruke "japanske" stoff. Det er handsaum.

  • Tidlegare i haust lærte vi teknikken "Needleturn", den kan vi bruke her.
  • Vi kan også bruke frysepapir til smådelane slik vi har brukt i Baltimore-sying.
  • På den andre sida broderer vi same motivet med moulinegarn.
  • Vi skal overføre mønster til stoff, og har du tjukt eller mørkt stoff, så kan dette  være ei utfordring. Ta med deg utstyr til dette, og så håper vi at mange har gode tips til å dele med oss andre!!
Ta med deg:
  • Ein stoffbit på minst 12x20 cm til sjølve nøkkelhuset, fargen vel du sjølv!
  • Tynn vatt eller noko til stabilisering, td filt, ullstoff
  • Småbitar av stoff til blomsten
  • Moulinegarn til å brodere med
  • Penn/tusj til å overføre broderimønsteret til stoffet
  • Forstoff  når du skal montere den
  • Om du blir heilt ferdig så treng du ein ring til nøklane og ei tjukk skoreim til "drareim".

Om du ikkje har meldt deg på kurset til Grete Gulliksen Moe, 18.-19.11, er det enno ledige plassar! Men vær rask å melde deg på om du vil være med, for vi kjem til å opne opp for påmelding av dei som ikkje er medlemmar no komande veke!!

Som nemnt over så kjem "Fantasi" frå Sandane! Dei har med seg litt varer frå butikken og vil fortelje litt om varene og aktiviteten deira. Vi håpar at dei vil inspirere mange av oss med både stoff og modellar! 
Dei vil også arrangere "Quiltebingo", noko vi ikkje har prøvd før, så dette vert spennande.
 Bilder frå "Fantasi"


Velkomne!


Ingen kommentarer: