lørdag 25. april 2015

Årets BLÅTUR!

Vi er no i slutten av april og det nærmar seg årets BLÅTUR! Vanlegvis brukar vi å ha den i juni, men i år har vi valt å legge den til siste helga i mai; 30.-31. mai! ( Det blir då ikkje medlemsmøte 1. tysdagen i juni då dette er rett etter helga)

Dette blir ingen vanleg blåtur, for det er berre så vidt den er blå! Medlemmane er kjende med turmålet denne gongen, dette fordi vi vil markere 20-års jubileet vårt!!!  Så dette vert ei jubileumshelg til den vesle bygda Vedvik, ute ved det store BLÅ havet!


På bildet ser du Vedvik, frå odden og inn i bukta bak. Heilt bakerst ser du Stadt-halvøya.
Havet står rett på frå nordvest, og å være i bygda er fasinerande både i storm og solskin. Vi håpar sjølvsagt på solskin denne helga, slik at vi også får oss ein strandtur!

Bygda er næraste nabo til kjende Refviksanden, bildet under her. 
Sidan vi er quiltarar som skal jubilere, så har vi lagt opp til at vi skal gjere det vi likar veldig godt: Å SY!
Difor vert det jubileumskurs med Randi Røys, der vi skal sy ein sommarleg løpar. Randi har designa ein heilt ny løpar, denne skal vi sy! Det vert ikkje bilde av den her på bloggen, for litt spenning må vi ha på ein slik tur!

Vi gler oss veldig til dette, for ho har laga mønster for sal til flotte løparar tidlegare, sjå bilda under her. Randi skal også være kursholdar på Vestlandstreff i haust, så då kan andre utanfor klubben også få delta på kurs med henne!
 Desse tre er sydd av Haldis.
Denne er sydd av Randi.

Vi har ordna med lokale i grendahuset i Vedvik, og overnatting vert det ei råd med for dei som vil. Det er også mogleg å køyre fram og tilbake begge dagane om ein ikkje vil overnatte, det tek ca 1 t å køyre frå Nordfjordeid. Om du vil sjå fleire bilder frå Vedvik finn du bilder og info HER, ein nydeleg film om bygda på YouTube finn du HER. 

Det vert meir info på maimøtet, men kan du ikkje møte då, kan du ta kontakt med ein i styret.

torsdag 23. april 2015

Pinterest!

Quiltemagasinet utviklar seg stadig! For kort tid sidan var Bente Vold Klausen på Facebook og etterlyste lesarane sine tips til "Ønskeblokken", ei blokk som ho vil ha omtale og mønster til i bladet. Responsen var enorm!

No står det på Facebooksida "Lappemakerne", der ho er med, at Quiltemagasinet er på Pinterest. Der er det ei stor samling av ulike kategoriar innan quilting, blant anna "Lesernes egne bilder".
Her inviterer ho alle til å legge inn sine bilder.

Klikk på linken HER og bli inspirert!

Om du ikkje abonnerer på Quiltemagasinet, så finn du info om bladet HER! Tek også med at på side 58 i bladet som kom denne veka, står det om at vi arrangerer Vestlandstreff!

tirsdag 21. april 2015

Bilder frå aprilmøtet!





Primula Design stilte som vanleg opp med eit godt utval av fristande varer, modellar og knallgode tilbod! Medlemmane våre er svært glade for denne flotte servicen frå butikkane våre, dei stiller opp på alle møta. Lappestua-Eid var ikkje til stades denne gongen.

 Synnøve som er ein del på butikken Primula Design, viste oss kor enkelt ein kan lage nydelige blokker av ein pakke "Layer cake". Her matchar alle stoffa kvarandre i både farge og mønster, så då blir resultatet automatisk nydeleg!! Det enkle er det beste!!



 Anne Marie har fornya ein gammal duk med nye figurar,.....dette kallast vel "redesign"??




















 Løparar laga på kurs med Anne Beier Finnestad.








 Aud har sydd teppe der ho har brukt linjalen "Lazy Angle".



torsdag 16. april 2015

Nybyrjarkurs!

Tysdag 21.4 kl 18.30-21.30 vert det "Nybyrjarkurs" på Stårheim skule.

Kurslærar er Ingun Vaksdal, påmelding og meir info i butikken "Primula Design" eller tlf. 99482474

Kurset er ope for alle, medlemmer eller ikkje medlemmar av klubben! Kurset kostar kr 150.

Bildet er lånt frå bliggen "I mitt lille hus"

  • Her får du lære grunnleggande  bruk av linjal og skjæreutstyr.
  • Om du ynskjer å lære bruk av spesiallinjalar, er det også mogleg. Klubben har fleire linjalar du kan låne om du ikkje har din eigen. Sjå bloggen , høgre sidefelt!
  • Ta med symaskin og stoff du vil bruke.
  • Du treng ikkje å kunne noko om quilting for å være med!




søndag 12. april 2015

Broder ein miniquilt!

Om du syr og syr, så bør du ha ein pause frå symaskina! For i går kunne vi lese på Twitter om at å sy for mykje kunne være farlig!!



Nordtvetveien: Vi er på adr ifm røyklukt fra en leil. Ingen brann, viste seg å være varmgang i en symaskin. En pers sjekkes av helsepers.

Difor kjem her eit tips om alternativ blokksying,.......ein BRODERIQUILT!

Dette er Swoon-blokka

På sida Little miss shabby ligg det ein gratis along med broderimønster til mange kjende quilteblokker, QUILTY STITCHES. Alle blokkene kan lastast ned som PDF-fil med diagram til å brodere etter. Der er til saman 16 blokker.

Quiltaren bak bloggen Quilt in a notshell har nyleg sydd ferdig eit slikt prosjekt, sjå bildet under.

 Under her ser du mønsteret til bildet over.

Lykke til med broderinga,....og husk å slå av symaskina, sjekk gjerne også om ledningar er intakte. Symaskina er trass alt eit elektrisk apparat!