fredag 9. mai 2025

Bilder frå klubbmøtet i mai!

 Klubbmøtet i mai vart nesten som ein liten blåtur, men alle visste om målet! Denne gongen skulle vi være i lag med Gloppen lappe- og qulteklubb på deira klubbmøte.

Vi var mange medlemmer som møtte opp for å ta turen i lag, nærare 20 stk!! Vel framme på Ungdomsskulen på Sandane vart vi godt mottekne av leiar Kari Eide der ho fortalde om aktiviteten i klubben.

Quiltebutikken Fantasi hadde også møtt fram med eit godt utval av stoff og dei siste aktuelle fargane og mønster. Flott demonstrasjon av modellar og tips til bruk av stoffa.

I lokalet hadde medlemmane der laga til utstilling av tepper vesker og løparar, og medlem Janne fortalde om prosjektet "Søstre for søstre" som dei oppmoda vår klubb til å ta del i. Eit godt tiltak som vi vil ta opp med våre medlemmar!!

Kaffipause med mykje godt og lotteri var om lag slik som vi er vande med frå våre klubbmøte, så vi kjende oss skikkeleg godt mottekne og vi kjende oss "heime" i lag med dei. Det er kjekt å kunne møtast slik og inspirere kvarandre, så vegen til naboklubbar er ikkje så lang, og vi bør møtast oftare! 

Her er litt bilder frå kvelden vår!








































Årets julefarger blir i brunt og sølv!!
















Vi såg mange fine vesker rundt om i rommet!!