Det er blitt Mars og vi går mot vår og lyse fargar!
Vi møtest på Stokkenes gjestegard tysdag 3. mars kl 18.30-21.30, og vi skal kose oss med følgjande:
- Aktivitet på møtet : Vi gjentek suksessen frå tidlegare år der vi syr ein "Påskeharepose"! Ta med deg eit lyst stoff til framside og eit farga til for. Du treng også litt brodergarn til ansikt. Elles vanlege sysaker, og den som kan, tek med symaskin. Elles så kan du låne, styret tek med minst ei symaskin.
(bilde frå Pinterest)
- "Vis og fortel": Fint om du også tek med noko gult du har sydd ein gong, ...treng ikkje være nytt, men kanskje med litt påskeinspirasjon sidan dette møtet er siste før påske.
- Årsmøtet: Det er siste frist for påmelding til lunsjen og kursa.
- Diverse info frå styret
- Kurs framover, kva ønsker de og kva er mulig å få til?
- Toalettvesker til "Søstre for søstre", litt info om dette prosjektet.
- Har du sydd blå lappar til blokklotteriet? Ta med deg på møtet, meir info rundt dette v/Haldis
- Sybutikken Primula Design med "flyttenytt" og litt aktuelle stoff og utstyr. Om du treng at ho har med noko spesielt, så må du kontakte ho på førehand!
- Lotteri
- ...og sjølvsagt ein liten kaffipause midt i møtet!
- Velkommen til alle, og ta gjerne med deg ein syvenn!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar