mandag 27. august 2018

Ei flott syhelg er over!!

Kjekke ting går altfor fort, det gjorde syhelga vår også!



Vi kosa oss kvart minutt av helga, både i alle våre hytter, hotellrom og campingvogner/bobilar, og i lokala på Øyberg seter. Vi sydde både før mat og etter mat, ja nokre sydde laurdagskvelden til den nesten var slutt! Alt det kjekke sosiale vi har i lag når vi samlast er berre utruleg kjekt, og vi snakka om "neste gong",....ja så kjekt hadde vi det at dette ville vi ha meir av!


Når vi no endeleg var tilbake her på Øyberg, ja så måtte underteikna til å mimre litt på bloggen, for var det ikkje i 2007 vi var på Øyberg sist?? Ganske riktig, bloggen vår vart oppretta i 2007 og det 10. innlegget var akkurat om kurset vi hadde på Øyberg ved Siv Smørdal! Så gode minner og gode erfaringar frå den gongen, gjorde at vi no tok turen igjen! 


HER finn du innlegget frå 2007!

Tema for kurset denne gongen var lære litt om å sy kurver med den minste Curveslinjalen. Ingun hadde laga fleire modellar, vi sydde litt forskjellig og Ingun gav råd ut frå eigne erfaringar med linjalen. Nye utfordringar kom, og løysingar vart funne. Kjekt med slike kurs!!

Her er ein bildeserie frå helga:



 Fuglar under arbeid!

Modellen til venstre har kursleiar Ingun laga.







....og ein sydde på andre ting også, fin kuvertbrikke her!



 Her er litt bilder av korleis delane til solsikke vart kutta.

 Sjå den stipla linja ytterst på sidene, og plassering av buen, klart for skjæring her!!








 Reinskjæring!




 Inguns modell over og under! Mange laga den under også, flott effekt med mange stoff!


Andre buar vart også prøvd ut, skal bli spennande å sjå dette resultatet!








Vi hadde utruleg god mat som vanleg,...korgafest gjev alltid flott resultat, sjå bilda under!




Så kom laurdagskvelden!
Då skulle vi ha festmat, og vi hadde bestilt koldtbord hos Mogard på Bismo. Eit slikt flott koldtbord har vi ikkje hatt nokon gong før, her var det lokal mat av elg,  Mogards pølser og skinke av utegåande gris, salater og lokalt brød! Og i store mengder! Vi som var så mette av vår eigen lunsj, sette oss til bords og hadde eit festmåltid. Denne leverandøren kan berre anbefalast på det sterkaste!




Ei så flott helg med kjekk hobby inne og nydelig natur ute, ja den lever vi på lenge!
Takk til alle som var der og gjorde helga til ei alle tiders oppleving!

......og slik var søndagsmorgonen  på ei av hyttene før kurset starta!

-Mariann-

Ingen kommentarer: