søndag 11. november 2012

Onsdagskurs!

Onsdag 14.11 vert det julekurs!! Kurset vi skulle ha 7.11 vart desverre avlyst, så dette er det same kurset med ny dato.
Siv vert kursleiar og ho legg opp til at det kan syast mange ulike modellar. Vi kan få lære å sy på Rasterquick, fine løparar i applikasjon, bargello og Ved-stabel-teknikk.
Her er vin-nissar, enkle forkle og det dukkar truleg opp nokre modellar til på kurset.

Kurset vert kl 18-22 på Stokkenes Gjestegard og det er påmelding til Siv på 91531479.
Pris for kurset for medlemmane er sendt på epost , og ta med deg mat og drikke for kvelden!
Då håper vi mange melder seg på, for dette vert nok ein kveld med førjulsstemning!
 Bargelloløper! Desse er berre nydelige og veldig kjekke å lage, både smale og breie. Dei som har laga slike før, må ta med sine til inspirasjon. Klikk også på Bargello under Etikettar på høgresida på bloggen, då finn de eksempel på kor flott denne teknikken er. Sjå også HER på bilder frå Nesbyen Quiltelag, her er det laga enkle og smale løparar i bargello, og dette er virkeleg flotte løparar! Og ikkje minst kjekke å lage.
 Stjerne sydd på Quick-smart, enkel og rask teknikk!
 Enkle forkle, fine gåver til å gje bort til ein julekokk! Og Snømann-grytelappar!

 Denne løparen heiter Rudolf, den er fin både til jul og som heilårsløpar, alt etter kva fargar du vel
 Vinnisse! Og applikert Peparkakehandkle! Enkel gåve til dei som har alt!
 Denne stjerna er sydd på Rasterquick, dette er enkelt og blir aldri feil!!
Og her kjem det beste til slutt, nydelige løparar i Vedstabelteknikk! Dette må nok prøvast ut meir!

Ingen kommentarer: