søndag 31. mars 2019

Velkommen til Aprilmøtet!!

Då er vi vel snart klare for å møtast igjen??

Tysdag 2.april  kl 18.30 møtest vi til ein triveleg kveld i lag, og denne gongen skal vi kose oss med å lage fin påskepynt!!


Synnøve har laga modeller, flotte "Påskeharekorger", ho har sett sammen ulike ideer til mønster som de får og ho har teikna eit fint ansikt til haren som er brodert! Dette skal bli veldig flott påskepynt i mange hus og hytter!!


Vi starter opp med stitchery på ansiktet, men ta med deg symaskin for å sy resten. De kan avtale litt med kvarandre om å "dele på maskin", det er ikkje så mange saumar, så det går nok fint.

Her er materialliste:

·      Matpapir, - Til å teikne av mønster.
·      Rissepapir /overføringspapir/ kalkèrpapir, - til å risse av/ kopiere broderimønster ( auge munn m.m)  til linstoffet.
·      Lin eller Halvlin 30 cm x heil stoffbredde.
·      Bomullstoff 30 cm x heil stoffbredde til fòr,- innside korg.
·      Strykeinnlegg, stablisator til bakside lin. Kan evt bruke tynn vatt med lim 
        2stk. ca. 25cm x 30 cm.
·      Ein liten bit vlisofix til nase/ snute, ca. 5cm x 3 cm.
·      Broderigarn
·      Broderinål
·      Saks og evt. skjere utstyr.
·      Blyant, pen el.
·      Symaskin med sytilbehør, om ein ikkje vil sy ferdig korga heime.

-->
Ein må først brodere og applikere på auge , munn, snute og følehår før ein syr ferdig korga på symaskin. 


Som vanleg vert det på møtet:


  • Sybutikken Primula Design med fine vårvarer!
  • Lotteri
  • Vis og fortel
  • Kaffipause med noko attåt!

Vel møtt!