lørdag 1. januar 2011

Nytt år og nye idear?

Så er festen over, med både mykje mat og kos, og sikkert mykje arbeid utført av mor i huset. Skal tru om nokon har fått tid til litt quilting eller kos med eit lite stitchery??

Viss ikkje så er det tid for årets første lovlege kvilestund i lag med likesinna!! Allereie no tysdag 4.1. så er det quiltemøte, denne gongen er det Quiltekafe med mat, prat, kos og Vis og fortell.


Temaet denne gongen er bakehandkle/pyntehandkle, så om nokon har flotte eksemplar heime, så set vi pris på å få sjå dei.

Du vil òg få eit par mønster, så om du ikkje har eit syarbeid liggande klart til møtet, så kan du ta med:


  • Kvit lerret til å sy på (men heilt ok med andre fargar òg!)

  • Moulinegarn eller likn.

  • Penn /tusj til å tegne på mønster

  • Broderiramme

Då ynskjer styret alle velkomne til årets første treff på Stokkenes gjestegard.

Ingen kommentarer: