onsdag 19. januar 2011

Buggy Barn nr 2


Det blir ny runde med det kjekke onsdagskurset med tema Buggy Barn-stjerne. Vi hadde eit liknande kurs i haust der mange deltok, no viser det seg at endå fleire har lyst å lære denne teknikken.
Det er ein "stable-skjære-bytte om -teknikk" og stjerna er enkel å få til. Når ein kan dette, så har ein lært nok til å prøve seg på andre mønster òg.
Klubben har kjøpt inn mønsterbøker, så muligheten for å lage mykje spennande seinare, er tilstades. På klubbmøtet i mars vil Randi Røys vise oss sommarfuglblokka som ho har prøvd ut.


KURSET:
Onsdag 9. Februar kl. 18-22 på Stokkenes Gjestegard, blir det Buggy Barn kurs i stjerna med Elin Torvik Grov. Dei som ikkje hadde mulighet til å gå sist, har no sjansen!
Påmelding til Aslaug innen 1. Februar, TLF 97 53 36 23.

Ingen kommentarer: